Pediaterdagene 2020

Konferanse, 15.01.2020-17.01.2020, Barne- og ungdomsklinikken

15.-17. januar 2020 ønsker vi alle barnelegar hjarteleg velkomne til Stavanger!
Vi byr på eit spanande og mangfoldig fagleg program og kjekke sosiale treff. Det heile startar med SPISS- og LIS-kurs onsdag 15. januar.
Flyfoto SUS. Foto.

SPISS- og LIS-kurs

Vi gler oss til eit nytenkande SPISS- og LIS-kurs som startar felles med eit utfordrande og allmenngyldig tema: Kommunikasjon og mestring. Høgt kvalifiserte foredragsholdarar tar oss inn i eit mangfald av situasjonar som vi møter i legejobben. Vi treffer professor Edvin Schei frå UiB, anestesilegane Kristin Tønsager og Conrad Bjørshol frå SUS og barnelege Bård Fossli Jensen. Sistnemnde har doktorgrad i kommunikasjon, så her vil ein få fylt opp si  kommunikative verktøykasse!

Etter lunsj deler kurset seg i to. SPISS-kurset vil spela vidare på det kommunikative – om  handtering av feil, pasienttryggleik og bruk av debriefingsverktøyet TALK. Britt Skadberg (HUS), Pål Iden (Undersøkelseskommisjonen for helsevesenet) og Anne Marie Joa (SUS) foreleser. Matnyttig og praktisk retta!
LIS-kurset fortsetter på Safer-senteret med scenariotrening på akutte situasjonar i pediatrien samt innføring i nye og avanserte simuleringsverktøy. Nytt er også simulering av situasjonar der ein må formidla dårlege nyheiter – kva når det ikkje går bra? På dette kurset kan ein velga mellom kombinasjonar av ulike scenario. Vi garanterer innleving og pulsstigning!  

SPISS- og LIS-kursa vil foregå på Stavanger universitetssjukehus samt på Safer-senteret. LIS-ane som er påmeldt LIS-kurset vil bli transportert med buss/taxi frå SUS til Safer, dette er inkludert i kursavgifta. Lunsj på kursa er sjølvsagt også inkludert.

Program for SPISS-/LIS-kurs (akuttjournalen.no)

    

Fagleg program

Pediaterdagane startar onsdag 15. januar kl 16.00 med fokus på det kritisk sjuke barnet. Michael Levin og Geir Lippestad har båe opplevd dramatisk sjukdom hos born – frå ulike sider av sjukesenga. Vi ser fram til å høyra desse to!

Dag 2 blir Michael Levin, Hans Christian Eriksen Asbjørg Stray-Pedersen med oss i ein spanande sesjon om infeksjon og immunsvikt. Kvifor blir enkelte born livstrugande sjuke av infeksjonar som knapt gjev symptom hos andre born, og korleis kan vi identifisera desse borna?
Etter lunsj blir det eit djupdykk inn i neonatologien på fødestova der Arjan te Pas og Peter Davis oppdaterer oss på stabilisering og resuscitering av nyfødde. Korleis overvåka det nyfødde barnet på beste måte, og kva er ideell timing for avklemming av navlesnora?
Vi avrundar det felles programmet med aktuelle tema som overbehandling, kloke valg og endring av klinisk praksis. På slutten av dagen blir det interessegruppemøte.

Dag 3 vil te Pas og Davis gje ei nyttig innføring i korleis ein skal velga rett design i forskingsstudier. Det blir presentasjon av lokal forsking, styrets time og utdeling av barnehelseprisen.

Etter lunsj vil nevrofysiolog og barnelege Karoline Lode (SUS) ta oss gjennom betydninga av søvn for barns helse gjennom livet. Pediaterdagane blir avslutta med spanande foredrag ved Vegard Hovland (OUS) og Maria Vollsæter (NKH/HUS) om respiratoriske søvnforstyrringar og non-invasiv ventilasjonsstøtte hos born. Høgrelevante tema for pediatrar i alle fagfelt! 

Program for Pediaterdagane (akuttjournalen.no)

  

Internasjonale foredragsholdarar

Michael Levin er professor i pediatri og internasjonal barnehelse ved Imperial College i London. Han er spesialist i infeksjonssjukdomar og har i sitt omfattande forskingsarbeid fokusert på livstrugande infeksjonar hos born som meningokokksjukdom, tuberkulose, malaria og Kawasaki samt alvorlege luftvegsinfeksjonar. 

Arjan Te Pas er professor i pediatri/neonatologi med hovudfelt perinatal transisjon og neonatal resuscitering, og arbeider ved Leiden University Medical Center i Haag.

Peter Davis er professor i pediatri/neonatologi ved Murdoch Children’s Research Institute i Australia.

Frie foredrag

Husk å sende inn abstrakt til frie foredrag, frist 13. desember. Sendes til motesekretaer@barnelegeforeningen.no . Under fanen NBF-møter på www.pedweb.no  finnes abstraktmaler og all nødvendig informasjon.

Sosialt program

Onsdag inviterer vi til Get together på Ostehuset. Ostehuset ligg i det verneverdige Norges Bank-bygget midt på Domkirkeplassen i Stavanger og er blitt ein institusjon blant matglade siddisar. Vi samlast i vinbaren i 2. etasje til deilig mat, drikke, drøs og kulturelt innslag. 

Torsdagen køyrer vi felles transport til festmiddag i Strandhuset på Ølberg, like ved ei av dei finaste strendene i Sola like utanfor Stavanger. Er vi heldige får vi ekte Jær-ver med stiv kuling frå nord og salt sjøsprøyt i håret før vi entrar Strandhuset med panoramautsikt til stranda og bølgetoppane. Eller kanskje blir det tindrande klart januarver med stjernehimmel over det opne kystlandskapet. Uansett får vi ei perfekt ramme rundt ein nydeleg festmiddag i godt lag, med talar og underholdning.

 

Praktisk informasjon og hoteller

Konferansehotellet for Pediaterdagane er flotte Clarion Hotel i Stavanger sentrum. Vi har reservert ein del rom til kursdeltakarane og vi kan tilby ein gunstig pris på kr 1245,- per natt. Dagpakke med lunsj og anna servering er inkludert i kursavgift. Ein bestiller hotellovernatting ved påmelding.

Dersom ein ønsker noko rimelegare rom har vi også tilgjengeleg rom ved Comfort Hotel Square til ein pris på 1095,- per natt. Dette hotellet ligger berre 2 minutts spasertur frå konferansehotellet.
Båe hotella er lokalisert svært sentralt i Stavanger, og det er gåavstand til det meste av attraksjonar og shopping for dei som måtte finna tid til det.

Transport til og frå flyplassen

Det går hyppig flybuss til og frå Stavanger lufthavn Sola. Næraste stoppestad er ved Radisson Blu Atlantic hotell, like nedanfor Clarion Hotel.

Velkomen til Stavanger i januar!


Påmelding Pediaterdagane

Når og hvor

Dato
15.01.2020-17.01.2020 
Klokkeslett
Onsdag kl 09-18, Torsdag kl 08.30-17.50, Fredag kl 08.45-15.00
Sted
SUS, SAFER, Clarion hotel
 
Arrangør
Barne- og ungdomsklinikken
 
Medarrangør

Norsk barnelegeforening

Mer informasjon
Påmelding Påmelding 
Fant du det du lette etter?