OCD-teamet Stavanger DPS

Obsessive Compulsive Disorder (OCD), tvangsliding, er ei liding med tilbakevendande tvangstankar og/eller tvangshandlingar. Helse Stavanger, SUS, Psykiatrisk divisjon ved Stavanger DPS, Gruppepoliklinikken har eit OCD-team for personer over 18 år som lid av tvang der desse kan få utgreiing og tilbod om behandling. Dersom du ønskjer å bli tilvist til OCD-teamet for utgreiing av muleg OCD-problematikk, ta kontakt med fastlegen din. Fastlegen vil normalt gjennomføre ei kort kartlegging av problematikken og sende ei tilvising til ditt nærmaste distriktspsykiatriske senter (DPS). Ditt lokale DPS vil deretter kan sende ei sekundær tilvising til OCD-teamet.

Kontaktinformasjon

OCD-teamet, Stavanger DPS Gruppepoliklinikken holder til i Adjunkt Hauglandsgate 34, Lassa Stavanger.

Behandlere:
Klinisk sosionom Geir Thingnæs
Psykiatrisk sjukepleier Liv Boga Galtung
Psykolog Ane Fosse (Vikar for Liv Kari Sekse)
Psykolog Ingeborg Bjorland Hansen

 

​​​​Tvangsliding

OCD finst i alle grader av omfang og alvor frå den heilt milde til den svært invalidiserande tilstanden, der stort sett alle døgnets vakne timar er prega av tvangstankar eller -handlingar.
Personane som blir råka veit at det dei tenker eller gjer er «dumt», men dei berre må. Ofte har dei som er ramma av OCD stor skamkjensle og held det mest mogleg skjult for omgivnadane, derfor kallast lidinga ofte for «den skjulte lidinga». Dei fleste som har ei tvangsliding/OCD har både tvangstankar og tvangshandlingar.

Tvangstankar (obsesjonar) er gjennomgåande og vedvarande tankar eller tankebilete, impulsar eller fantasiar. Desse tankane tek overhand og vert opplevd som meiningslause. Dei er årsaken til kraftig angst, ubehag, isolasjon og i verste fall funksjonshemming.
Tvangshandlingar (kompulsjonar) blir utført for å hindre ubehag eller ei frykta hending. Nokon har berre ei kjensle av at dei må gjere ting utan at dei veit kvifor. Desse vert ofte utført som bestemte ritualer, i bestemte mønster, og kan for personar som er alvorleg ramma ta enormt med tid.
Dei vanlegaste tvangshandlingane er vasking og smitteblokkering, sjekking og kontrollering, telle og orden-/symmetriritual. ​

Behandling

Behandlinga som vert tilbode ved OCD-teamet er kognitiv åtferdsterapi kombinert med eksponeringsterapi med responsprevensjon (ERP), som er ein dokumentert effektiv behandlingsmetode.

Hovudregelen er at behandlinga strekk seg over åtte til tolv veker. Før behandlinga startar, vil du gå gjennom ei grundig utgreiing. I løpet av dei første gongane du og terapeuten din møtes, vil du få forklart behandlinga i detalj, og det vil leggast ein plan. Dersom du bestemmer deg for å ta i mot behandlinga, skriv ein kontrakt før behandlinga startar.  Mellom behandlingstimane vil du få i oppgåve å trene på det du har jobba med i timane.

Behandlinga føregår hovudsakleg individuelt, men kan også føregå i grupper. OCD-terapeuten vil fungere som ein personleg trenar som gir deg konkret hjelp til å gjennomføre behandlinga på den måten som vil vere mest effektiv og nyttig.

 

Det er ofte også av stor verdi at dei som står deg nærmast er grundig informert om, og innstilt på behandlinga.

Dersom du allereie får behandling for andre psykiske lidingar enn tvang, vil du framleis kunne følgjast opp av din vanlege terapeut for desse lidingane når OCD-behandlinga er avslutta

 

Kva må til for at behandlinga skal hjelpe?

  • Du må bestemme deg. Inga behandling hjelper om du ikkje sjølv tek eit val om å ville bli kvitt lidinga.
  • Det må vere plass i livet ditt. Skal behandlinga hjelpe, må den føregå på riktig måte og i riktig dosering. Det tyder at behandlinga må vere hovedfokus i dei vekene du er i behandling. Ofte vil dette innebere at du bør ta ei gradert sjukemelding – i alle fall i starten.   
  • Vi kvalitetssikrar behandlinga. Vi innhentar informasjon om behandlinga på fleire måtar, til dømes ved å nytta intervju og spørjeskjema. Kvalitetssikringa er til for at du som pasient skal få skreddarsydd behandlinga til dine behov, og gjev oss høve til å kunne sjå nærare på det vi gjer virke. Dette er grunnlaget for forbetring og framgang i behandlingsmetoden. Du får meir informasjon om dette i første time. ​


 

OCD-ettergruppe for pasienter som har gjennomført behandling for tvangslidelser​​