Innlegga frå rådgjevar hos Fylkesmannen, Andreas Rusten, og
frå fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik, utfylte kvarandre på ein
god måte. Både teoretisk påfyll og refleksjonssamtale gjorde stoffet
praksisnært.
Einingsleiar i heimetenesta i Gloppen kommune, Elsa
Hjorteset, viste nyttig eksempel frå praksis kring avtale knytt til
legemiddelhandtering.
Forsamlinga fekk også informasjon om rutinane for
pasientoppfølging i eldremedisinsk poliklinikk, frå koordinator Greta Gard
Endal. I dei parallelle sesjonane arbeidde tilsette i kommunane med tiltakspakkane
knytt til legemiddelbruk i sjukeheim og heimeteneste, medan tilsette i Helse
Førde drøfta problemstilingar knytt til legemiddelgjennomgang og
legemiddelsamstemming.
I 2017 er det planlagt samlingar 16. mars og 26. oktober,
med «Akutt funksjonssvikt» som overordra tema.
Presentasjonene fra nettverksdagen finnes hos USHT Sogn og Fjordane.