
Toril Terum
Føremålet med studien var å undersøke samanhengen mellom aspekt ved pårårandestress og tidspunkt for innlegging i sjukeheim. Studien baserer frå DemVest, og er ein prospektiv kohortstudie.
Funn frå studien stadfestar at pårørandestress er ein viktig bidragsytar til sjukeheimsinnlegging. Enkeltspørsmåla som i størst grad bidrog til kortare tid til sjukeheimsinnlegging var å føle seg frustrert, kjenne at omsorgsoppgåvene hindrar ein i å leve eit sosialt liv utanfor heimen og å reise på ferie, samt å føle at ein ikkje handterer/mestar situasjonen i sin heilskap.
Å støtte opp om pårørande til personar med demens er avgjerande for at personar med demens skal kunne bu heime lengst mogleg. Ei større forståing av kva aspekt ved pårørande si stressoppleving som opplevast mest krevande å stå i, vil forhåpentlegvis bidra til å utvikle fleksible og skreddarsydde tiltak, og bidra til at personar med demens kan bu heime lenger.