Engasjert forsamling på fagnettverksdag i Førde!

Innlegga frå rådgjevar hos Fylkesmannen, Andreas Rusten, og frå fagdirektør i Helse Førde, Hans Johan Breidablik, utfylte kvarandre på ein god måte. Både teoretisk påfyll og refleksjonssamtale gjorde stoffet praksisnært.

Einingsleiar i heimetenesta i Gloppen kommune, Elsa Hjorteset, viste nyttig eksempel frå praksis kring avtale knytt til legemiddelhandtering.     

Forsamlinga fekk også informasjon om rutinane for pasientoppfølging i eldremedisinsk poliklinikk, frå koordinator Greta Gard Endal. I dei parallelle sesjonane arbeidde tilsette i kommunane med tiltakspakkane knytt til legemiddelbruk i sjukeheim og heimeteneste, medan tilsette i Helse Førde drøfta problemstilingar knytt til legemiddelgjennomgang og legemiddelsamstemming.   

I 2017 er det planlagt samlingar 16. mars og 26. oktober, med «Akutt funksjonssvikt» som overordra tema.

Presentasjonene fra nettverksdagen finnes hos USHT Sogn og Fjordane.