Pensjon og forsikring

Vi tilbyr gode pensjonsordningar og forsikringar til våre tilsette.

​Pensjon

Som tilsett i Helse Stavanger er du automatisk forsikra i Komm​unal Landspensjonskasse (KLP) når det gjeld:

  • Alderspensjon og AvtaleFestet Pensjon (AFP), som blir administrert og utbetalt av KLP
  • Uføre-/attføringspensjon, som du kan søkje om etter at retten til sjukepengar er brukt opp eller når arbeidstakar ikkje lenger kan arbeide til ubehageleg tid.
  • Etterlattepensjon, som gjeld for gjenlevande ektefelle samt registrert partner gjennom partnerskapslova (gjeld ikkje sambuar) og barnepensjon som gjeld gjenlevande barn under 20 år.

Forsikring

Vi tilbyr våre tilsette eigne forsikringar gjennom Helse Vest. Desse forsikringane kjem i tillegg til utbetalingar frå Folketrygda og det du måtte ha av private forsikringar.

 Forsikringane er:

  • Gruppelivsforsikring (Gjensidige)
  • Tenestereiseforsikring (Gouda)
  • Yrkesskadeforsikring (etter Lov om yrkesskadeforsikring) (DNB)
  • Yrkesskade (forhandla fram via SPEKTER)

Informasjonsbrosjyre om personalforsikringar

Kontakt

Avdeling for personal og organisasjonsutvikling