Bjørn Erikstein er ny styreleiar i Helse Stavanger

I føretaksmøte i dag blei det oppnemnd nye medlemmar til styret i Helse Stavanger. Bjørn Erikstein er ny styreleiar, Christine Sagen Helgø er ny nestleiar i styret og Hege Ebeltoft er nytt styremedlem i føretaket.

Følgjande personar er oppnemnde som representantar til styret i Helse Stavanger HF i føretaksmøtet i dag:

Bjørn Erikstein, leiar
Christine Sagen Helgø, nestleiar
Nina Langeland
Unn Therese Omdal
Hege Ebeltoft
Knut Vassbø
Ivar Eriksen

Om dei nye styremedlemmane:

BjørnErikstein(høydebilde).jpg
Bjørn Erikstein er utdanna lege og har bakgrunn som lege og leiar i ulike sjukehus, leiar i to regionale helseføretak og i Helse- og omsorgsdepartementet. Frå 2011-2019 var han administrerande direktør ved Oslo Universitetssykehus. I 2007-2008 var har direktør og ekspedisjonssjef i Helse- og omsorgsdepartementet. Han har vore administrerande direktør i Helse Sør (2005-2007) og i Helse Midt (konstituert, 2008). Erikstein byrja som lege i 1981 og hadde fleire stillingar ved Radiumhospitalet og Ullevål universitetssjukehus fram til han gjekk av som klinikkrådsleiar og sjefslege ved Radiumhospitalet i 2003. Han har også hatt fleire styre- og leiarverv.

Christine Sagen Helgø er utdanna jurist og er partner og investeringsdirektør i Camar. Frå 1996 til 2001 var Helgø jurist ved Fylkestrygdekontoret i Rogaland. Ho har lang erfaring bak seg som lokalpolitikar i Stavanger for Høgre, mellom anna som gruppeleiar, medlem av kommunalstyret for levekår og leiar av kommunalstyret for byutvikling. Frå 2011 til 2019 var ho ordførar i Stavanger. Helgø har erfaring frå fleire styre- og leiarverv.

Hege Ebeltoft er seniorrådgjevar, COO (Chief Operating Officer) i Equinor. Ebeltoft har ein doktograd i  Physical Chemistry ved Universitetet i Bergen. Ho har mange år med erfaring frå Statoil/ Equinor, både i prosjekt og i ulike leiarstillingar nasjonalt og internasjonalt, i tillegg til andre verv.

Styret har i tillegg til dei eigaroppnemnde fire medlemmar valde av og blant dei tilsette: Aud Riise, Egil Olsen, Lars Kåre Kleppe og Gunn Elin Rossland.