Korona: Ofte stilte spørsmål om fødselen - før, under og etter

Å vere gravid og føde er ei heilt spesiell tid i livet, der mange spørsmål melder seg. Med koronasituasjonen vi er i, dukker det - forståeleg nok - enda fleire spørsmål opp. Her har vi svart på dei oftast stilte spørsmåla.

Korona: Ofte stilte spørsmål om fødselen - før, under og etter

Det er avdelingssjef og overlege ved kvinneklinikken, Marit Halonen Christiansen, og assisterande avdelingsjordmor ved fødeavdelinga vår, Lene Cappelen Smith som svarar ut spørsmåla. Svarene er oppdaterte per 8. januar 2021.

Se omvisningsvideo på fødeavdelingen med tre jordmødre.

Videosendingene finner du her. 

Informasjon til deg som skal føde eller har født ved SUS under koronasituasjonen.

Det er viktig å understreke at informasjon om koronasituasjonen blir oppdatert fortløpande.  Det er ingen som har mykje erfaring med korona og gravide, men vi svarer her utifrå den litteraturen som har vore tilgjengeleg mens vi har budd oss på dette. Det kan sjølvsagt komme ny forsking framover. Det er òg viktig å for fødande å vite at fakta om koronaviruset til no ikkje har endra veldig på fødselsomsorga.

Vi skal gi deg trygg omsorg før, under og etter fødselen din uansett. Oppfør deg som du ville gjort i en normalsituasjon. Fortset å ringe oss om du til dømes kjenner lite liv i magen eller opplev blødning – uavhengig om du er smitta av korona eller ikkje. Er det alvorleg og du har behov for akutt hjelp, så ring 113 om du ville gjort det til vanlig.

Fødeavdelingen

  • Kva er per i dag annleis med fødetilbodet på Stavanger universitetssjukehus (SUS) samanlikna med for to månader sidan?

Etter smitteutbrudd mars 2020, ble fødeavdelingen og fødeloftet slått sammen i første etasje. Men i sommeren 2020 ble det igjen som vanlig. Det vil si at vi har to fysisk skildte fødeavdelingar - fødeavdelingen og fødeloftet. Fødeloftet er laga for de friskeste, mens fødeavdelingen er for kvinner med for eksempel høgt blodtrykk, tvillinger eller kvinner som ønsker epidural.

  • Har dykk god nok bemanning?

Ja, det har vi. Og det jobbar vi heile vegen for å sikre at vi har framover. Vi har planar for alle nivå - om pandemien utviklar seg i Norge. Det er difor vi tar smittevern på høgste alvor og er strenge med kven som kan kome inn på fødeavdelinga.

Vi gjer tiltaka nettopp fordi vi vil sikre at ingen tar med koronasmitte inn i avdelinga. Vi skal ha nok folk på jobb, slik at vi kan fortsette med å gi trygg og forsvarleg fødselsomsorg. Vi er vant med at ting skjer akutt – òg utanom koronasituasjonen. Vi snur oss fort om og har medarbeidarar som er tilpassar seg raskt. Då ein medarbeidar fekk påvist korona for nokre veker sidan, klarte vi å drifte avdelinga utan ein tredel av medarbeidarane. Vi har framleis nokre tilsette i karantene. Vi vil antakeleg ha bølger av tilsette i karantene på og av til situasjonen er over – altså veldig lenge. Men med god støtte frå kommunar og private aktørar, viste den situasjonen at vi klarar å snu oss om i ei vanskeleg tid og gi god hjelp uansett. For å unngå å hamne i ein slik situasjon igjen, så gjer vi som sagt no alt for å unngå at det kjem smitte inn i fødeavdelinga igjen. Det inneber at nokre av tiltaka kan opplevast som strenge.

  • Kva er alternativet om heile fødeavdelinga skulle være ramma av denne pandemien og de ikkje skulle ha nok folk?

Vi trur Norge lærer løpande av dette. SUS har landets tredje største fødeavdeling. Vi har strenge retningslinjer med tanke på besøk og for medarbeidarar – i tillegg til at vi har gode planar om pandemien utviklar seg - nettopp fordi vi skal kunne tilby trygg helsehjelp òg gjennom heile koronapandemien.

  • Har fødeavdelinga full kapasitet nå?

Vi kan ta imot alle kvinner som kjem inn i fødsel eller som på anna måte treng fødselsomsorg i området vårt. 

Før fødsel

  • Får ein framleis kome til kontrollar på sjukehuset – som ultralyd og liknande?

Nokre opplever at timane blir utsette eller at den gravide må utsetje timen på grunn av luftvegssymptom. Du skal uansett få kome til kontroll når det er behov for det og du er frisk.

Dersom du har stadfesta eller mistenkt korona, blir du undersøkt på ein annan stad enn sjølve fødeavdelinga eller fødepoliklinikken. Om timen din blir avlyst eller flytta har vi alltid vurdert at dette er medsinskfagleg forsvarleg. Det kan vere nokon fra kvinneklinikken i karantene, og då måtte vi prioritere at jordmødrene som kanskje vanlegvis har fødselsangstsamtalar, heller tar imot barn.

Og som vi sa i innleiinga – det er viktig at du oppfører deg som du ville gjort elles, og ringer oss (eller 113 ved akutt hjelp) om du har behov for det – til dømes om du opplever lite liv eller blødingar. Gjer akkurat som du ville gjort om koronaviruset ikkje var her.

  • Er det slik at partnar ikkje får bli med på rutine ultralyd nå?
5. juni: Se våre besøksregler her
  • Kva med dei med sterk fødselsangst?

Vi prøver vårt beste å legge til rette for at alle får den oppfølginga dei skal ha og vil ta individuelle omsyn i dei tilfella det trengs. 

  • Er gravide helsepersonell meir utsatt for smitte?

Det er ingenting som tyder på det heldigvis. SUS og Norge har vald å legge seg på ei forsiktig linje, der ein behandlar gravide som «risikogruppe». Det vil seie at dei skal ikkje jobbe med pasientar med kjend eller mistenkt koronasmitte.

  • Må ein ha med nettingtruse og bind til føden?

Du skal helst ha med eigne nettingtruser til barsel. Men du får dei på fødeavdelinga - og du får sjølvsagt om du ikkje har tatt det med deg. Bind får du både på fødeavdelinga og på barsel.

Under fødsel

  • Får partnar delta på fødselen og opphaldet på sjukehuset?

Partnar får være med under fødselen dersom ho eller han er frisk.  Om partnar er sjuk, så kan fødande ta med seg ein ven eller ein annan pårørande. Vi gjer vårt beste for at alle kan ha med ein frisk person som fylgje!

  • Om mor skal bli satt i gang, får partnar være med frå start eller må hen vente til aktiv fødsel?

5. juni: Se våre besøksregler her. 

  • Kva skjer dersom mor og partnar er blitt eller blir smitta av korona – får partnar likevel delta under fødselen på isolat då? 

Om partnar er koronasmitta, kan den fødande ha med ein annan støtteperson. Dersom den fødande er koronasmitta, prøver vi å legge til rette for at frisk støtteperson er med – ikledd same smittevernutstyr som dei tilsette. Vi anbefaler jo alle som venter barn, å være ekstra nøye med å halde avstand og isolere seg litt.

  • Om mor er smitta eller mistanke om smitte når ho skal føde, kva gjer ein for å beskytte og unngå at babyen ikkje blir smitta?

Dei tala som er publiserte til no viser svært få tilfelle av smitte frå mor til barnet – heldigvis!  Vi tilrår amming, men med gode hygiene- og smitteverntiltak. Dersom mor er alvorlig sjuk av korona, blir barnet isolert saman med partnar. Barnet får være saman med partnar så langt som råd.

  • Kan mor framleis få akupunktur ved fødsel i disse dagar?

Mor kan framleis få akupunktur når ho er i fødsel.

  • Kommer mor alltid til å få lov å ha med partnar på vaginal fødsel?

Per no, ja, hvis hen er frisk. Men dette er vanskeleg å si noko bestemt om, for verda har aldri vore i denne situasjonen før. Men vi håper at du kan ha med deg ein frisk pårørande eller partnar framover.

  • Kan eg bli smitta på SUS under fødsel eller i tida etterpå?

Fordi vi tar strenge forholdsreglar, er det veldig lite sannsynleg å bli smitta av korona på SUS. Grunnen til at vi er strenge er nettopp for å beskytte dei som ikkje skal bli smitta! I tillegg vil vi ikkje at våre medarbeidarar skal bli smitta, for utan medarbeidarane kan vi ikkje gje trygg helsehjelp.

  • Kan partnar vere med på keisarsnitt?

Før 24. april fekk ikkje partnar vere med på planlagt keisersnitt. Se begrunning lenger nede for det. No er smittespredningen i Rogaland slik at vi igjen kan gi partnar lov til å bli med på planlagt keisarsnitt.

Om du skal ha planlagt keisarsnitt, så kan den gravide få ha med seg ein frisk partnar på forberedingar og under operasjonen (endringen skjer på grunn av lavt smittepress i Rogaland). Ved hastekeisarsnitt får ledsager ikkje vere med under operasjon.

Om partnar og baby er frisk, så vil partnar få babyen inn til seg på fødeavdelinga etter keisarsnittet. 

Her er tidligere forklaring på korfor partnar ikkje fekk vere med på keisersnitt store delar av mars og april:

Eit planlagt keisarsnitt involverer mange menneske på ei operasjonsstove. Om du føder vaginalt, så vil det være rundt fem personar i rommet. Men ved keisarsnitt er vi fort oppe i det dobbelte talet – minst ni personar. Då vil smitterisikoen med ein gong vere høgare, og vi vil ikkje ha andre i rommet enn dei som må være der reint medisinskfagleg. Vi har i samråd med smittevern og operasjons- og anestesiavdelinga difor komt til at vi diverre ikkje klarer å gjere dette ved SUS per i dag. Vi ber om orsaking for at det erslik, men det er ei vurdering vi har gjort for å fortsatt kunne gi trygg og forsvarleg fødselsomsorg i månadane som kjem. 

  • Er enda praksisen at du har eiga jordmor når du har kome i aktiv fødsel?

Ja, du får eiga jordmor. Vi gjer vårt beste for at det skal være jordmor i aktiv fødsel – difor må vi gjøre det vi kan for å ha nok friske jordmødrer.

  • Om situasjonen blir verre en nu er, kan mor velje å føde heime?

Nei, det er ikkje ein del av planlegginga. Dette er nok ein gong med tanke på smittevernet for personalet vårt.

Dersom ei fødande kvinne held seg heime så lenge som ho kan under starten av fødsel – og dermed endar med å føde heime, kva vil skje då?

Ved uplanlagd heimefødsel vil jordmor rykke ut på vanleg måte. Om du er mistenkt koronasmitta eller smitta, så er det viktig at du seier det til sjukehuset før jordmora går inn i huset.

  • Om mor er smitta av korona under fødsel, blir babyen tatt vekk frå mor rett etterpå til ho er frisk?

Nei, baby blir hos mor om mor er i form til det. Du vil få nokre tips om god handhygiene – som da også gjeld amming. Om det er vanskeleg å halde puppen rein, kan mor pumpe.

  • Er det forskjellige avgrensingar for partnar under keisarsnitt og planlagt keisarsnitt?

Se oppdaterte regler i denne nettsaken.

  • Får ikkje mor velje keisarsnitt ved setefødsel på grunn av lav kapasitet hos dykk under pandemien?

Det er trygt å føde vanlig dersom barnet ligg med rumpa ned. Det har alltid vore anbefalinga ved SUS å føde vanleg - om det ikkje er spesielle tilhøve som tilseier keisarsnitt. Sjå sendinga vi har laga tidligare om keisarsnitt. Vi vil vurdere kvar enkelt fødande for å gi best mogleg fødselsomsorg til alle.

Etter fødsel

  • Får partnar vere med på barselhotellet saman med mor og baby? 

Ja. Slik det er no i dag, så får dei vere på same rom om både mor og barn er i form til det og partnar er frisk. No har barselhotellet full kapasitet, så det vil seie at det er rom som normalt elles – det vil seie at det er stor sannsynligheit for at det er dobbeltrom ledig.

  • Får partnar vere med på barselavdelinga? 

Besøksreglene endrer seg etter hvor mye smitte det er i samfunnet.
Se våre oppdaterte besøksregler her.

  • Får ein einerom på barselavdelinga?

Vi har diverre ikkje einerom til alle der. Det er difor vi byggjer nytt sjukehus på Ullandhaug – der alle vil få eigne rom. Dei som er smitta, ligg på isolat. Og på barselhotellet er det jo einerom. På barselavdelinga tar vi også individuelle omsyn med tanke på kven som er sjukast og treng einerom mest.

  • Kor tidleg kan mor og baby reise heim om dei er i form til det?

Ein må være på sjukehus minst seks timar etter at barnet er født, og vi tilrår minst 24 timar. Vi vil ikkje at mor og barn reiser heim for tidleg og kastar ikkje ut nokon frå hotellet.

Vi arbeider med mange ulike tiltak for dei som derimot vil heim tidleg.
Det er tre kontrollar som barna må gjennom i løpet av dei to fyrste døgna: Etter fødselen må ein kontrollere barnet med nyfødtscreening etter 48 timar. Barnet blir òg sjekka for gulsott, vanlegvis når barnet er to dagar gamalt. Det siste som må sjekkast for alle er hørselstest.

Nokre kommunar, til dømes Bjerkreim, Klepp, Time og Strand har alt ei ordning med at dei tar nyfødtscreening. SUS og kommunane samarbeidar tett, og vi ser rett og slett på kva vi kan få til i fellesskap. Svangerskaps – og barseomsorgen er eit samarbeid mellom primær – og spesialistehelstenesta der målet er at kvinna og barnet skal få den helsehjelpa dei treng.

SUS kan lære opp folk frå kommunen til å gjere nyfødtscreening, men kommunen må òg ha folk og ein plass å ta det. Ingen innbiller seg at kommunen har mykje ekstra helsepersonell, men vi prøver å lage fleire moglegheiter framover. Vi arbeidar òg med videokonsultasjonar, så folk kan få svar.

Enn så lenge kan ein reise heim etter minimum seks timar, og så organiserer vi at ein kan kome til SUS for å få tatt prøvane som trengs.

Vi anbefaler likevel å bli på sjukehuset i eitt døgn, slik at vi kan observere mor og barn før dei drar heim. På den måten slepp kanskje mor og barn også å dra innom fleir stader for kontroller i etterkant – og dermed unngå meir smitte.

  • Kor lenge kan ein vere på barselhotellet om ein har hatt en ukomplisert fødsel?

Du kan bu på hotellet i tre døgn etter fødsel – som du ville kunne gjort også utan om koronasituasjonen.

  • Korleis er rutinane med tanke på kontrollane på hotellet no?

Barselopphaldet er individuelt og vi tar omsyn til kvar enkelt. Rutineundersøking er vanlegvis på barnestua med rett smitteverntiltak – som til dømes god avstand til andre. Men vi vurderer dette saman med barnelegane heile tida.

  • Korleis er det med mat til mor og partnar under fødsel og på hotellet eller barselavdelinga?

Alle stader får mor og partnar mat av sjukehuset med de rette smitteverntiltaka.

  • Kor strenge må vi vere med å ta i mot besøk frå dei nærmaste i familien når vi har født og kome oss heim?

Eg tenker det er lurt å vere på den forsiktige sida. Vi anbefaler jo på generelt grunnlag å omgås færrast mogleg. Bruk Skype eller Facetime. Vi forstår at mange vil sjå det nye barnet, og det vil kome ei tid kor dei vil kunne det. Men akkurat no gjeld retningslinja frå FHI for alle – også dei som har kjem heim med ein nyfødt skatt.