Smarte pasientrom skal gi pasientar og helsepersonell ein betre kvardag

Smart dialog og meir råderett over kvardagen og betre og meir effektiv kommunikasjon. Slik vil smarte pasientrom heve opplevinga til pasientar på sjukehuset.
Ove Nordstokke viser frem bilde av det nye sykehuset. Foto.
SER FRAMOVER: Ove Nordstokke er prosjektansvarleg Teknologi SUS2023. På Stavanger universitetssjukehus er det bygget eit 3D-rom, der ein kan bevege seg rundt i det planlagde sjukehuset.
​Prosjektet "Smarte pasientrom" har motteke innovasjonsmidlar frå Helse Vest. Det har gjort det mogleg å starte eit regionalt samarbeid om innføring av ny teknologi i sjukehusa for å sikre betre involvering og medverknad for pasientane, og lette arbeidet for helsepersonell.

– Kva kan vi gjere for å heve opplevinga til pasientane, og på same tid gi sjukepleiarar og legar ein enklare og meir effektiv kvardag – og korleis kan vi leggje til rette for det under bygginga av nytt sjukehus? Det var utgangspunktet for prosjektet "Smarte pasientrom", fortel seniorrådgjevar, Malene Torsvik, og IT-sjef, Terje Johannesen, ved Haraldsplass Diakonale Sjukehus.

Kva kan vi gjere for å heve opplevinga til pasientane, og på same tid gi sjukepleiarar og legar ein enklare og meir effektiv kvardag?

Prosjektet er eit samarbeid mellom Helse Stavanger, Helse Bergen, Haraldsplass Diakonale Sjukehus og Helse Vest IKT.

Vinn-vinn-situasjon

Fordelane med smarte pasientrom er mange for både pasientar og sjukehustilsette. Det handlar om å jobbe smartare – slik at det blir meir riktig bruk av tid med pasientane.

Ein sjukepleiar må foreksempel kle på seg eingongsutstyr for kvar gong ho eller han besøkjer ein smittepasient. Dette utstyret har ein prislapp på mellom 100 og 200 kroner og går rett i bosset etter bruk.

Medarbeider ser på en skjerm med bilde av det nye sykehuset. Foto.
SIGHTSEEING I FRAMTIDA: Fødeavdelinga er ei av avdelingane ein kan bevege seg rundt i med 3D-briller, inn i rom og gjennom korridorar. Ved å nytte ei slik løysing er det enklare for tverrfaglege team å sjå kva slags moglegheiter som finst og kva slags idéar som vil fungere.
Oppgåva som skal gjennomførast ved desse besøka varierer frå akutt hjelp til å flytte på ei pute eller hente eit glas vatn. Sistnemnde skjer oftare enn det første, som betyr at prislappen for å sløkkje tørsten raskt blir svimlande høg. I tillegg er det ein svært tidkrevjande prosess for sjukepleiaren.

Smarte pasientrom vil betre treffpunkta mellom pasient og helsepersonell ved enkel kommunikasjon. Gjennom ein smart-TV eller eit nettbrett, kan pasienten forklare behova sine. Er behovet manglande informasjon, kan sjukepleiaren enkelt forklare digitalt. Skal noko takast med til rommet, slepp sjukepleiaren å gå to gonger, bruke to sett utstyr, i tillegg til all den tida denne prosessen tek.

Sjukepleiaren vil også vere utstyrt med ein smarttelefon. I praksis ei berbar datamaskin. På den måten kan informasjonen pasienten ønskjer hentast fram, utan å måtte forlate rommet.

Først ut med smarttelefon til alt helsepersonell, er Haraldsplass Diakonale Sjukehus i Bergen.

Opnar smartare sjukehus

I haust står det nye sjukehuset klart. Haraldsplass Diakonale Sjukehus blir det første som under byggeprosessen er lagt til rette for smarte løysningar i Helse Vest. Eit resultat av at tverrfaglege team som tenkte gode og innovative tankar for framtida, arbeidde saman under byggeprosessen.

IT-sjef Terje Johannesen, Haraldsplass Diakonale Sykehus

IT-sjef Terje Johannesen, Haraldsplass Diakonale Sykehus

– No er det hektiske dagar fram mot innflytting, men vi er veldig stolte over arbeidet som er gjort og at vi fekk løyve til å leggje til rette for smarte løysingar. Sjølv om det smarte potensialet ikkje vil takast fullt ut i første omgang, vil dette sjukehuset vere klargjort for det. Det er langt meir kostnadseffektivt å tenkje infrastruktur for framtida under byggeprosessen enn på eit seinare tidspunkt, seier Terje Johannessen.

Fleire løysingar vil vere på plass til opninga, mens andre enkelt vil kunne installerast når tida er inne for det.
– I det nye sjukehuset er det 75 prosent einerom. Utanfor alle romma er det klargjort for å knyte seg til internett og skjermar, seier Johannesen.


Raskere kommunikasjon

Skjermar utanfor alle rom effektiviserer informasjonsflyten og gjer sjukehuset tryggare, særleg ved smitteutbrot.

– I dag fungerer det slik at smitte kan oppdagast ved ein prøve på laboratoriet. Laboratoriet må så ta kontakt med den aktuelle avdelinga, som deretter må registrere smittetilfellet, hente ein varsel-trekant og hengje han på døra. I løpet av tida dette tek, har det ofte vore opptil fleire personar innom rommet, og tiltak må setjast i verk. Med ein skjerm utanfor kvar dør, kan denne meldinga gå rett frå laben til rommet og hindre ytterlegare smitte, seier Johannessen vidare.

Skjermar vil det også bli inne på romma. Ein skjerm som er av eit heilt anna kaliber enn dei skjermane som vi er vande med å sjå på sjukehusa.

– Einerom er noko vi trur pasientane vil setje pris på. Samtidig kan det bli einsamt over tid. Derfor vil det i det nye sjukehuset vere ein avansert TV-skjerm på alle rom. Denne vil likne TV-skjermane ein ofte ser på hotell, fortel Malene Torsvik.

Tilpassa pasienten

Omgivnadane i det nye sjukehuset blir mykje varmare og mindre kliniske enn det som har vore vanleg. I tillegg til dei estetiske omgivnadane, vil sjukehusopplevinga også gjelde underhaldning og mat. Begge har vore eit uttalt ønske frå pasientane.

smarte-pasientrom-malene-torsvik.png

Malene Torsvik er seniorrådgjevar ved Haraldsplass Diakonale Sjukehus, eit av sjukehusa som er med i prosjektet «Smarte pasientrom», som har motteke innovasjonsmidlar frå Helse Vest.

– Med desse hotell-inspirerte skjermane vil vi kunne tilpasse innhaldet til kvar enkelt pasient. For demente pasientar vil det ha stor betyding å ha bilete av familie og kjente rullande over skjermane. For andre er det informasjon om korleis dagen skal bli, noko pasientane saknar i dag.

Vi ønskjer at desse skjermane skal gi kvar enkelt ei oversikt over dagen sin. Her vil vi også presentere dagens meny, som gjer det mogleg for pasientane å bestemme sjølve. Vi trur at alt dette vil bidra til at pasientane føler seg meir ivaretekne og at dei føler på ein større medverknad i eigen kvardag, seier Torsvik.

Prosjektet "smarte pasientrom" vil bety mykje for utviklinga av sjukehus i Helse Vest i framtida. I Stavanger er planlegginga av nytt sjukehus godt i gang, og dette vil stå klart i 2023. Her har dei allereie gjennomført eit prøveprosjekt ved smitterom, og i bygginga av det nye sjukehuset vil smarte løysingar vere sentrale.

Store planar i Stavanger

Ove Nordstokke er prosjektleiar for Teknologi SUS2023. Han tek oss med inn i eit 3D-rom. Her kan vi bevege oss rundt i sjukehuset som skal stå klart om fem år. Vi får kjensla av å vere der, sjå inn i fødestuene, gå over bruene som knyter dei ulike bygga saman.

Ove Nordstokke på sykehustomta på Ullandhaug. Foto.

HER SKAL VI BYGGJE: Ove Nordstokke viser stolt fram tomta der det nye sjukehuset skal stå. Første spadetak blei teke av helse- og omsorgsministere Bent Høie 3. september.

– 3D-løysingane er nyttige når vi skal utforme eit sjukehus som er best mogleg for både pasientane og for dei tilsette. Bruene er teikna i to etasjar, ei bru for pasientar og besøkande og ei for tilsette. I dag risikerer besøkande og andre pasientar å treffe på alvorleg sjuke og akutt-tilfelle i gangane. Dette er ein av situasjonane vi ønskjer å leggje til rette for at ikkje skal skje når vi byggjer nytt.

Nordstokke gler seg til det står klart. Ståande på den urørte tomta, omgitt av grastrå som vaiar lett i vinden, er det  lite som vitnar om framtid og høgteknologi.

– Det som er utfordrande, er at teknologien går så raskt. Om fem år vil det kanskje finnast teknologi som vi ikkje er klar over i dag. På kort tid har det skjedd mykje innanfor for eksempel VR (virtual reality) og AR (augmented reality), men eg er ikkje bekymra. Vi legg no til rette for det som vil komme, seier han med eit smil om munnen.