Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Tilbod om ultralyd i svangerskapsveke 12-14 og NIPT til gravide over 35 år

Kvinneklinikken i Stavanger tilbyr fyrste trimester ultralyd med tillegg av NIPT til alle gravide kvinner som er 35 år eller eldre ved termin. Dette er i tråd med stortingsvedtak av mai 2020.

​Henvising: Fastlege eller kommunejordmor kan henvise til Fostermedisinsk poliklinikk, SUS, for å få gjort denne undersøkinga. Fastlege eller kommunejordmor har utfyllande informasjon om kva undersøkinga inneber og kva begrensingar den har. SUS har ansvar for å tilby dette til befolkinga i Sør-Rogaland. Enn så lenge har vi også ansvar for gravide som soknar til Haugesund sjukehus, fram til Haugesund får dette tilbodet oppe og gå lokalt. Prinsippet om fritt sjukehusval gjeld også denne undersøkinga, så kvinner frå heile landet kan henvisast til dette, men ved kapasitetsproblem vil SUS måtte prioritere eiga befolking.


Ultralyd: Undersøkinga vert gjort utanpå magen, i enkelte tilfelle kan det vere nødvendig å gjere undersøking med innvendig (vaginal) ultralydprobe. Ein ser om fosteret lever, vurderer om det er eit eller fleire foster, bestemmer termin og gjer ei forholdsvis grundig undersøking av anatomien til fosteret. Det er ikkje alle utviklingsavvik som vil vere mulege å sjå i veke 12-14; fosteret er på dette tidspunktet mindre enn 10 cm langt.


NIPT: Non Invasiv Prenatal Test; dette er ei blodprøve som vert tatt av mor og sendt til Rikshospitalet for analyse. Testen kan med stor sikkerheit avgjere om fosteret har trisomi 21 (Downs syndrom), trisomi 18 (Edwards syndrom) eller trisomi 13 (Pataus syndrom). Testen vil ikkje kunne avdekke andre genetiske tilstandar. Det tar omtrent to veker å få svar på testen.


Kvinner under 35: I løpet av 2022 skal det innførast tilbod til alle gravide om ultralyd i svangerskapsveke 12-14, med tillegg av NIPT i tilfelle unormale funn ved ultralyd.

Sist oppdatert 07.09.2023