MR av ekstremiteter

Avdeling for radiologi
Undersøking av armar/bein

MR er ei forkorting for magnetisk resonans. Under ei MR-undersøking ligg den som vert undersøkt i eit svært sterkt magnetfelt og det blir sendt radiofrekvente signal gjennom kroppen. Desse signala nyttar MR- maskina til å lage digitale bilete. Det er inga form for røntgenstråling med ein MR.

Innleiing

MR blir brukt i undersøkingar der andre diagnostiske metodar, som røntgen og ultralyd, er utilstrekkelege eller som supplement til andre metodar. Ved mistanke om skjelettskade er vanlegvis røntgen førstevalet, og mange gongar er det nok. Men ved visse typar brot gir MR ei meir presis beskriving.

MR har ei viktig rolle i utgreiing av skjelett og blautdelsskadar. Det kan vere utgreiing av svulstar, skadar, kroniske leddsmerter eller betennelse i skjelett og blautdelar eller ved mistanke om infeksjon.

Tilvising og vurdering

Tilvising frå lege på sjukehuset eller primærhelsetenesta.

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Førebuing heime

På grunn av det sterke magnetfeltet må sjukehuset eller tilvisande lege på førehand vite om du har:

  • Pacemaker/ICD, nevrostimulator
  • Er operert i hjerne, auge, øyre eller hjarte
  • Operert metall i kroppen ( til dømes klips på blodkar i hovudet, proteser, splinter, stentar og graft)
  • Tatoveringar
  • Er gravid

Klokker, høyreapparat, tryggleiksalarm, bank- og kredittkort kan bli øydelagde av magnetfeltet, og må difor ikkje vere med inn i undersøkingsrommet. Metallgjenstandar som briller, kulepennar, nøklar, hårnåler og smykke takast bort før undersøkinga startar.

Tannprotesar kan gi forstyrringar i bileta og må takast ut ved undersøking av hovud-/halsområdet.

Dersom du tek medisinar skal du ta dei på vanleg måte.

Om du ammar ber vi om at du kontaktar røntgenavdelinga.

Visse typer kosmetikk (maskara) kan gi ubehag. Du bør ikkje bruke sminke før undersøkinga.

Dersom du har vondt for å ligge og/eller treng hjelp til å slappe av, må du be fastlegen om smertestillande/avslappande medikament i forkant av undersøkinga.

Har du klaustrofobi?

Sjølv med litt klaustrofobi klarer dei aller fleste å gjennomføre undersøkinga. Du kan ringe eller ta kontakt (sjå under for kontaktinformasjon) dersom du trur dette blir eit problem for deg. Vi har ulike måtar vi kan hjelpe deg på.

Førebuingane varierer ut frå kva som skal undersøkast.

Informasjon om dette vert gitt i innkallingsbrevet du mottek i posten eller ved avdelinga når time blir avtalt.  

2. Under

Under undersøkinga ligg du på eit bord som blir ført inn i ei rørforma maskin som er open i begge endar.
Korleis du ligg avheng av kva som skal undersøkast. Det kan variere frå mage til rygg, der hovudet eller beina ligg først. For eksempel ved MR av kneet ligg du med beina mot maskina. Det aktuelle kneet ligg i ei antenne som er forma som eit kort rør som er delt i to på langs. Antenna omsluttar kneet. For å ligge komfortabelt blir det plassert puter eller små sandposar for å støtte opp beina.

Under undersøkinga høyrer du ein bankelyd i maskina. Det er viktig å ligg stille under undersøkinga.
Du får utdelt øyreproppar eller øyreklokker som dempar bankelyden eller du kan høyre på musikk/radio.

Føler du behov for å ha med pårørande kan dei sitje inne med deg under undersøkinga.

Når bileta vert tatt går personalet ut av rommet. Dei ser deg gjennom eit vindauge. Du får ein alarm i handa for å få kontakt med personalet. Dei kan snakke med deg via ein mikrofon eller kome inn i rommet kor du ligg.

Det er viktig at du ligg heilt stille for at kvaliteten på bileta skal bli bra.

Undersøkinga tek om lag 20 - 45 minutt.

Gjer det vondt?

Undersøkinga gjer ikkje vondt i seg sjølv, men det kan vere vanskeleg å ligge stille. Det er derfor viktig å finne ei stilling som er behageleg.

 

 

3. Etter

Pasientar som har fått avslappande medikament bør ikkje køyre bil sjølve.

Resultat av undersøkinga

Bileta vert granska av ein røntgenlege som lagar ein skrifteleg rapport av kva bileta viser.
Rapporten vert sendt legen som tilviste deg.
Bileta og rapporten vert lagra i datasystemet vårt.

Ver merksam

Ein kan oppleve å bli varm under undersøkinga. Denne kjensla gir seg når undersøkinga er over.

 

Kontakt

Pasientreiser

​Reiser du til eller fra offentlig godkjent behandling, kan du ha rett på å få dekket nødvendige utgifter til reise.

Ta kontakt med Pasientreiser på telefon 05515 hvis du skal bestille reise eller har spørsmål.

https://helse-stavanger.no/avdelinger/pasientreiser/om-pasientreiser

Praktisk informasjon

Internett/wifi

​Det trådløse nettverket er gratis for pasienter, pårørende og besøkende. ​​Se etter gjest.ihelse.net på din mobil eller datamaskin.

Passord på SMS

Du som ønsker å bruke internett blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt. Du trenger ikke oppgi andre opplysninger enn det. Brukernavn og passord får du tilsendt som en tekstmelding.

Tilgangen du får til internett varer i 24 dager før du trenger å be om nytt brukernavn og passord.

Årsaken til innlogging er krav til sikkerhet i sykehusnettverket og er samme type løsning som finnes på flyplasser og​ hotell.

Parkering Torgveien

​Det er parkering i underetasjen i dagkirurgibygget som ligger rett ved siden av øyeavdelingen, og på baksiden av øyeavdelingsbygget (betalingsautomat). Pårørende og ledsagere kan også bruke parkeringsmulighetene som er i området rundt øyeavdelingen. Alle parkeringsplasser krever betaling.

Dagkirurgisk avdeling Hillevåg er i Torgveien 21 A, like ved Kilden handlesenter.

Kart over området (utskriftsvennlig versjon)

Parkering Våland

Parkeringshus
Parkeringshuset ligger under St. Svithun Hotell, og har 349 parkeringsplasser. Disse er forbeholdt besøkende til Stavanger universitetssjukehus og hotellet.

Korttidsparkering
Det er mulighet for korttidsparkering ved hovedinngangen (max 15 min). ​

Parkering for bevegelseshemmede
Utenfor hovedinngangen (inngang 1) er det fire parkeringsplasser som er forbeholdt bevegelseshemmede.

​Parkering for langtidspårørende
Pårørende må betale full parkeringsavgift de tre første døgnene, deretter vil du kunne å kjøpe parkeringstillatelse til redusert pris.

Ladestasjon for el-bil
Besøkende med el-bil parkerer i parkeringshuset under pasienthotellet, og betaler​ som vanlige gjester.

Les mer om parkering

Røykfritt sykehus

​Alle sykehusområdene i Helse Stavanger er røykfrie. Det er likevel laget noen røykeområder som pasienter kan bruke. Disse områdene er merket.
Røyking utenfor sykehusets innganger er ikke tillatt, med unntak av ett område utenfor hovedinngangen. Her er det satt opp et eget røykeskur.
Vi ber om at røykeforbudet blir respektert av hensyn til pasienter. Det er en utfordring at mange stiller seg utenfor inngangene og røyker. Dette gjør det vanskelig for alle de som ikke tåler tobakksrøyk. Vis hensyn!​​​
Røykfritt sykehus handler om å gi de ansatte et trygt arbeidsmiljø, beskytte pasienter, besøkende og ansatte fra tobakksrøyk, og gi hjelp til ansatte og pasienter så de kan slutte å røyke.​