MR-undersøkelse av hodet

Avdeling for radiologi

MR er ei forkorting for magnetisk resonans. Under ei MR-undersøking ligg den som vert undersøkt i eit magnetfelt og ved hjelp av radiobølger vert det laga MR-bilete. Det er inga form for røntgenstråling med ei MR-undersøking..

Innleiing

MR-undersøking av hovudet blir utført ved mistanke om, kontroll av sjukdom eller skade i hovudet.
Undersøkinga kan vere aktuell ved utgreiing av ei rekke tilstandar.

Ved nokre spørsmålsstillingar vert MR kontrast gitt via ei blodåre.

 

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Informasjon om eventuelle førebuingar blir gitt i innkallingsbrevet du mottar i posten eller ved avdelinga når time blir avtalt.

Førebuing heime

På grunn av det sterke magnetfeltet må sjukehuset eller tilvisande lege på førehand vite om du har:

  • Pacemaker/ICD, nevrostimulator
  • Er operert i hjerne, auge, øyre eller hjarte
  • Operert metall i kroppen (til dømes klips på blodkar i hovudet, proteser, splinter, stentar og graft)
  • Tatoveringar
  • Er gravid

Klokker, høyreapparat, tryggleiksalarm, bank- og kredittkort kan bli øydelagde av magnetfeltet, og må difor ikkje vere med inn i undersøkingsrommet. Metallgjenstandar som briller, kulepennar, nøklar, hårnåler og smykke takast bort før undersøkinga startar.

Tannprotesar kan gi forstyrring i bileta og må takast ut ved undersøking av hovud-/halsområdet.

Ved hovudundersøkingar må du unngå augesminke, då denne kan innehalde små delar av metall (shimmer) som kan gi forstyrringar på bileta. Dette gjeld spesielt undersøkingar av augeholen.

Dersom du tek medisinar skal du ta dei på vanleg måte.

Om du ammar ber vi om at du kontaktar radiologisk avdeling.

Dersom du har vondt for å ligge og/eller treng hjelp til å slappe av, må du be fastlegen om smertestillande/avslappande medikament i forkant av undersøkinga.

Har du klaustrofobi?

Sjølv med litt klaustrofobi klarer dei aller fleste å gjennomføre undersøkinga.

MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel

I nokre tilfelle må vi sette MR-kontrast i ei blodåre. Ei plastnål (venekanyle) vert lagt inn i ei blodåre.

Dersom det kan vere aktuelt å gi deg kontrast i samband med undersøkinga, skal legen din bestille nyrefunksjonsprøve av deg før undersøkinga. 

 

2. Under

Under undersøkinga ligg du på eit bord som blir ført inn i ei rørforma maskin som er open i begge endar. Korleis du ligg avheng av kva som skal undersøkast. Det ein skal undersøke må ligge midt i magneten.
For å ligge komfortabelt kan du for eksempel få ei pute under knea.

Ved MR-undersøkinga er hovudet plassert i ei form med mogelegheit til å sjå ut. Det er denne som lagar bileta.

Medan fotograferinga går føre seg høyrer du ein bankelyd i maskina. Det er viktig å ligge stille mens denne bankinga pågår. Du vil få utdelt øyreproppar eller øyreklokker som dempar bankelyden eller du kan høyre på musikk/radio.

Føler du behov for å ha med pårørande, kan dei sitte inne med deg mens undersøkinga går føre seg. MR sjekklista gjeld også for pårørande som skal være i rommet.

Når bileta vert tatt går personalet ut av rommet, men dei ser deg gjennom eit vindauge. Du får ein alarm i handa som du kan bruke for å få kontakt med personalet, dersom du må ut av maskina. Denne gir tryggleik for både deg og personalet. Dei kan elles snakke med deg via ein mikrofon eller dei kjem inn i rommet kor du ligg.

Det er viktig at du ligg heilt stille for at kvaliteten på bileta skal bli bra.

Undersøkinga tek omlag frå 15 til 60 minutt, avhengig av kva din lege har etterspurt. Du får nærmare informasjon om dette frå personalet når du kjem til avdelinga.

Gjer det vondt?

Undersøkinga gjer ikkje vondt i seg sjølv, men kan vere vanskeleg å ligge stille. Det er derfor viktig å finne ei stilling som er komfortabel før sjølve undersøkinga startar.

Ved ein del undersøkingar er det nødvendig å gi MR-kontrast i ei blodåre. Forutan eit stikk i arma gir dette vanlegvis ikkje noko ubehag.

 


 

3. Etter

Pasientar som har fått avslappande medikament skal ikkje køyre bil sjølve.

Resultatet av undersøkinga

Bileta vert granska av ein radiolog som lagar ein skriftleg rapport av kva bileta viser. Rapporten vert sendt legen som tilviste deg.

Bileta og rapporten vert lagra i datasystemet vårt.

 

Ver merksam

 

Ein kan oppleve å bli varm under undersøkinga. Dette er ikkje vondt. Denne kjensla gir seg når undersøkinga er over.

MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel

MR-kontrast gir sjeldan biverknader i form av allergiliknande reaksjonar.

 

Kontakt

Buss

​Det er flere busstopp langs med sykehusets område, både i Gerd-Ragna Bloch Thorsens gate, Fylkeslege Ebbells gate og Ullandhaugveien.
Ved hovedinngangen, inngang 2, inngang 6 og i hovedinngangen ved Psykiatrisk divisjon står det sanntidsskjermer der du kan se når bussene kommer og går.

Pasientreiser

​Reiser du til eller fra offentlig godkjent behandling, kan du ha rett på å få dekket nødvendige utgifter til reise.

Ta kontakt med Pasientreiser på telefon 05515 hvis du skal bestille reise eller har spørsmål.

https://helse-stavanger.no/avdelinger/pasientreiser/om-pasientreiser

Taxi

Ikke langt fra hovedinngangen finner du en taxiholdeplass, der det som regel står ledige biler. Dersom det trengs, er våre ansatte i resepsjonen tilgjengelige 24 timer i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Tog

​Våland
Nærmeste togstasjon er Paradis stasjon. Denne ligger om lag én kilometer fra hovedbygget.

Seksjon rehabilitering Eigersund og Dalane DPS
Seksjon rehabilitering Eigersund og Dalane DPS ligger om lag en times kjøring fra Stavanger. Nærmeste togstasjon er Egersund stasjon. Fra sentrum kan du ta buss eller drosje.

Se Kolumbus eller nettbuss for ruter og rutetider.

Praktisk informasjon

Apotek

​Publikumsavdelingen til sykehusapoteket ligger sentralt i foajeen i sydbygget på sykehuset.
​​Bruk hovedinngangen (inngang 1) og ta til venstre ved resepsjonen, til venstre ved heisene, og rett fram. ​

Åpningstider og annen informasjon: https://sjukehusapoteka-vest.no/steder/sykehusapoteket-i-stavanger

Parkering Våland

Parkeringshus
Parkeringshuset ligger under St. Svithun Hotell, og har 349 parkeringsplasser. Disse er forbeholdt besøkende til Stavanger universitetssjukehus og hotellet.

Du finner også parkeringsplasser for besøkende på sykehusområdet. Når du parkerer må du trekke parkeringsplapp og betale på forhånd. Ved avreise før antatt parkeringstid kan du trekke kortet for å avslutte parkeringen.

Husk å beregne nok parkeringstid. Det kan være noe ventetid ved sykehuset.

Kart merket med parkeringsplasser

Korttidsparkering
Det er mulighet for korttidsparkering ved hovedinngangen (max 15 min). ​

Parkering for bevegelseshemmede
Utenfor hovedinngangen (inngang 1) er det fire parkeringsplasser som er forbeholdt bevegelseshemmede.

​Parkering for langtidspårørende
Pårørende må betale full parkeringsavgift de tre første døgnene, deretter vil du kunne å kjøpe parkeringstillatelse til redusert pris.

Ladestasjon for el-bil
Besøkende med el-bil parkerer i parkeringshuset under pasienthotellet, og betaler​ som vanlige gjester.

Les mer om parkering

Røykfritt sykehus

​Alle sykehusområdene i Helse Stavanger er røykfrie. Det er likevel laget noen røykeområder som pasienter kan bruke. Disse områdene er merket.
Røyking utenfor sykehusets innganger er ikke tillatt, med unntak av ett område utenfor hovedinngangen. Her er det satt opp et eget røykeskur.
Vi ber om at røykeforbudet blir respektert av hensyn til pasienter. Det er en utfordring at mange stiller seg utenfor inngangene og røyker. Dette gjør det vanskelig for alle de som ikke tåler tobakksrøyk. Vis hensyn!​​​
Røykfritt sykehus handler om å gi de ansatte et trygt arbeidsmiljø, beskytte pasienter, besøkende og ansatte fra tobakksrøyk, og gi hjelp til ansatte og pasienter så de kan slutte å røyke.​