MR-undersøkelse av nakke og rygg

Avdeling for radiologi

MR er ei forkorting for magnetisk resonans. Under ei MR-undersøking ligg den som vert undersøkt i eit magnetfelt  og ved hjelp av radiobølger vert det danna MR-bilete. Det er inga form for røntgenstråling med ein MR.

Innleiing

MR-undersøking av rygg blir utført ved mistanke om, kontroll av sjukdom eller skade på ryggsøyla.

Ved nokre spørsmålstillingar gjer vi MR-kontrast via ei blodåre.

 

Tilvising og vurdering

Tilvising frå lege på sjukehuset eller primærhelsetenesta.

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Informasjon om eventuelle førebuingar om di undersøking vert gitt i innkallingsbrevet du mottar i posten eller ved avdelinga når time blir avtalt.   

Førebuing heime

På grunn av det sterke magnetfeltet må sjukehuset eller tilvisande lege på førehand vite om du har:

  • Pacemaker/ICD, nevrostimulator
  • Er operert i hjerne, auge, øyre eller hjarte
  • Operert metall i kroppen (til dømes klips på blodkar i hovudet, proteser, splinter, stentar og graft)
  • Tatoveringar
  • Er gravid

Klokker, høyreapparat, tryggleiksalarm, bank- og kredittkort kan bli øydelagde av magnetfeltet, og må difor ikkje vere med inn i undersøkingsrommet. Metallgjenstandar som briller, kulepennar, nøklar, hårnåler og smykke takast bort før undersøkinga startar.

Tannprotesar kan gi forstyrring i bileta og må takast ut ved undersøking av hovud-/halsområdet.

Dersom du tar medisinar skal du ta dei på vanleg måte.

Om du ammar ber vi om at du kontaktar røntgenavdelinga.

Dersom du har vondt for å ligge og/eller må ha beroligende, må du be fastlegen din om smertestillande/avslappande medikament i forkant før undersøkinga.

Har du klaustrofobi?

Sjølv med litt klaustrofobi klarer dei aller fleste å gjennomføre undersøkinga.

MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel

I nokre tilfelle må vi sette MR-kontrast i ei blodåre. Før undersøkinga vil vi då legge inn ei plastnål (venekanyle) i blodåra di.

Dersom det kan vere aktuelt å gi deg kontrast i samband med undersøkinga, skal legen din bestille nyrefunksjonsprøve av deg før undersøkinga.

2. Under

Under undersøkinga ligg du på eit bord som blir ført inn i ei rørforma maskin som er open i begge endar. 

Korleis du ligg avheng av kva som skal undersøkast. Det ein skal undersøke må ligge midt i magneten.

For å ligge komfortabelt kan du for eksempel få ei pute under knea.

Ved MR-undersøking av nakkeområdet er hovudet plassert i ei form med mogelegheit til å sjå ut. Det er denne som lagar bileta.

Medan fotograferinga går føre seg høyrer du ein bankelyd i maskina. Det er viktig å ligge stille mens denne bankinga pågår. Du vil få utdelt øyreproppar eller øyreklokker som dempar bankelyden eller du kan høyre på musikk/radio.

Føler du behov for å ha med pårørande, kan dei sitte inne med deg mens undersøkinga går føre seg. MR sjekklisten gjelder også for pårørande som skal være i rommet.

Når bileta vert tatt går personalet ut av rommet, men dei ser deg gjennom eit vindauge. Du får ein alarm i handa som du kan bruke for å få kontakt med personalet, dersom du må ut av maskina. Denne gir tryggleik for både deg og personalet. Dei kan elles snakke med deg via ein mikrofon eller dei kjem inn i rommet kor du ligg.

Det er viktig at du ligg heilt stille for at kvaliteten på bileta skal bli bra.

Undersøkinga tek omlag 15 til 60 minutt, avhengig av kva din lege har etterspurt.
Du får nærmare informasjon om dette frå personalet når du kjem på avdelinga.

Gjer det vondt?

Undersøkinga gjer ikkje vondt i seg sjølv, men det kan vere vanskeleg å ligge stille. Det er derfor viktig å finne ei stilling som er komfortabel før sjølve undersøkinga startar.

Ved ein del undersøkingar er det nødvendig å gi MR kontrast i ei blodåre. Forutan eit stikk i arma, gir dette vanlegvis ikkje noko ubehag.

 


 

3. Etter

Resultatet av undersøkinga

Bileta vert granska av ein radiolog som lagar ein skriftleg rapport av kva bileta viser. 
Rapporten vert sendt legen som tilviste deg.

Bileta og rapporten vert lagra i datasystemet vårt.

Ver merksam

Ein kan oppleve å bli varm under undersøkinga. Dette er ikkje vondt. Denne kjensla gir seg når undersøkinga er over.

MR-undersøking og bruk av kontrastmiddel

MR-kontrast gir sjeldan biverknader i form av allergiliknande reaksjonar.

 

Kontakt

Besøksadresser og praktisk informasjon

Pasientreiser

​Reiser du til eller fra offentlig godkjent behandling, kan du ha rett på å få dekket nødvendige utgifter til reise.

Ta kontakt med Pasientreiser på telefon 05515 hvis du skal bestille reise eller har spørsmål.

https://helse-stavanger.no/avdelinger/pasientreiser/om-pasientreiser

Praktisk informasjon

Parkering Våland

Parkeringshus
Parkeringshuset ligger under St. Svithun Hotell, og har 349 parkeringsplasser. Disse er forbeholdt besøkende til Stavanger universitetssjukehus og hotellet.

Korttidsparkering
Det er mulighet for korttidsparkering ved hovedinngangen (max 15 min). ​

Parkering for bevegelseshemmede
Utenfor hovedinngangen (inngang 1) er det fire parkeringsplasser som er forbeholdt bevegelseshemmede.

​Parkering for langtidspårørende
Pårørende må betale full parkeringsavgift de tre første døgnene, deretter vil du kunne å kjøpe parkeringstillatelse til redusert pris.

Ladestasjon for el-bil
Besøkende med el-bil parkerer i parkeringshuset under pasienthotellet, og betaler​ som vanlige gjester.

Les mer om parkering