Førebuingar før operasjonen
- Du skal ikkje utføre intimbarbering 6 veker før operasjon. Dette for å unngå at du lagar små sår i huda som kan auke faren for infeksjon etter operasjonen.
- Før du drar frå heimen, må du dusje (same morgon eller kvelden før) med vanleg såpe. Vask deg godt i navlen. Du må gjerne vaske håret, men du må vere tørr i håret på operasjonsdagen for ikkje å fryse.
- Ikkje ta på deg body lotion / hudkrem eller sminke etter du har dusja.
Faste
Det er viktig at du følger instruksjonene om hvordan du må forberede deg når du skal opereres i narkose eller spinal-/epiduralbedøvelse. Dersom regler om faste og røyking ikke er fulgt, kan du risikere at behandlingen ikke kan gjennomføres.
Du skal ikke spise eller drikke melk i 6 timer før operasjonen. Du kan drikke litt vann, saft, juice uten fruktkjøtt, brus, te, svart kaffe inntil 2 timer før planlagt inngrep. Unngå snus, tyggegummi, sukkertøy i 2 timer før operasjonen. Ved spesielle inngrep kan det være andre rutiner som gjelder. Dette vil du bli orientert om på sykehuset før operasjonen.
Smykker
Ringer, klokker, piercing, kontaktlinser, sminke og neglelakk må fjernes før operasjonen. Briller, høreapparat og tannproteser kan du ha på deg/med deg. Mobiltelefon skal ikke følge med til operasjonsavdelingen.
Medisiner
Ta med deg alle medisiner som du benytter til vanlig til sykehuset (alternativt en liste over alle medisiner). Det er viktig at sykehuset vet hvilke medisiner du bruker, spesielt gjelder dette blodfortynnende medisiner (Albyl, Plavix, Efient, Brilique, Marevan, Xarelto, Eliquis, Pradaxa, Persantin). Husk også å si ifra om du bruker naturmedisiner, for eksempel ginkgo, ginseng og hvitløk. Dersom du bruker inhalasjonsmedisiner for lungesykdom må disse tas med.
Operasjonsdagen
Når du kjem til sjukehuset for å bli operert, blir du møtt av ein sjukepleiar som klargjer deg til operasjon. Du får tildelt pasienttøy og ei seng å liggje i medan du ventar på å bli kjørt til operasjon. Sjukepleiaren vil fjerne kjønnshåra slik at det ikkje er hår på operasjonsområdet. Du vil også bli stilt nokon spørsmål for å kvalitetssikre at alle førebuingar er gjort riktig. Du vil bli kjørt i seng til operasjonsavdelinga. Avhengig av kva slags operasjon du skal gjennom vil du få narkose eller ryggbedøving (spinal anestesi) før operasjonen begynner.
Under operasjonen
Kikholsoperasjon (laparoskopi)
Ein fordel med kikholsoperasjon er at du vil komme deg mykje fortare etter operasjonen, enn om det blir gjort med open kirurgi. Operasjonen blir gjort med kikholsteknikk (laparoskopi). Eit laparoskop er eit tynt kamera som blir ført inn via ei lita opning i navlen. Instrumentar på storleik med ei lita fingerbreidde blir handtert via små snitt i huda. Dei indre organa blir undersøkt gjennom laparoskopet. Kirurgen opererer muskelknuten/-ane laus frå livmora, og han gjennom ei av dei små opninga i huda. Operasjonen blir utført i full narkose, og inngrepet tar 1-2 timar. Det er vanleg å reise heim same dag, eller dagen etter operasjonen.
Open kirurgi (laparostomi)
Ved open kirurgi blir det enten laga eit snitt nedst på magen («bikinisnitt») eller på langs frå under navlen og nedover. Det er legen som avgjer kva for snitt du får. Kirurgen som opererer deg løyser muskelknuten/-ane frå livmora, og fjernar han gjennom snittet på magen. Operasjonen blir utført i full narkose, og inngrepet tar 1-2 timar. Det er vanleg å bli på sjukehuset i om lag 3 dagar etter operasjonen.
Reduksjon av livmorslimhinna (endometriereseksjon)
Inngrepet blir utført via eit instrument som førast inn i livmora via skjeden, og så blir muskelknuten/-ane fjerna eller brent bort. Om ein berre fjernar ein muskelknute, vil du fortsatt ha menstruasjonar og ha moglegheita for å bli gravid. Om heile livmorslimhinna blir fjerna, er moglegheita for å bli gravid sterkt redusert. Operasjonen blir enten utført i full narkose eller med ryggbedøving, og inngrepet tar 5-15 minutt. Reduksjon av livmorslimhinna blir oftast utført som dagkirurgi. Det vil seie at du kan reise heim same dag som operasjonen.
Embolisering
Dette er eit inngrep som blir utført på Radiologisk avdeling. Små partiklar blir injisert i blodkar som forsyner muskelknuten/-ane i livmora, og lagar ein kunstig blodpropp. Knutane får ikkje blodtilførsel og vil krympe. Inngrepet blir utført med bedøving og smertestillande. Smertane kan variere i styrke i etterkant av inngrepet.
Etter operasjonen
Etter operasjonen blir du liggande på oppvakningsavdelinga i nokon timar. Ein lege vil informere deg om korleis operasjonen har gått. Når du er ferdig overvaka og narkosen eller ryggbedøvinga har gått ut, blir du enten flytta over til sengepost eller kan reise heim avhengig av kva slags operasjon du har gjennomgått. Du kan oppleve å vere svimmel og kvalm i starten, og du vil få tilbod om kvalmestillande. Du vil også få smertestillande jamnleg etter behov.
Det er viktig å komme seg raskt på beina igjen etter ein operasjon. Du bør ha følge første gang du skal opp av senga etter operasjonen. Dette kan sjukepleiarane hjelpe deg med.
Etter kikholsoperasjon og open kirurgi vil det bli lagt inn eit blærekateter og eventuelt eit dren under operasjonen. Dette blir som oftast fjerna same dag eller dagen etter.
Komplikasjonar
Alvorlege komplikasjonar er sjeldne, men det kan skje:
- Bløding under eller etter inngrepet
- Infeksjon i blæra, såret eller djupt i magen
- Skade på urinleiar, blære eller tarm (sjeldan)
- Nerveskadar som gir endra kjensle i hud (sjeldan)
- Blodpropp (sjeldan)
- Problem med bedøving (svært sjeldan)