Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Allmennlegar i spesialisering (ALIS)

Utdanning av allmennlegar skjer òg i sjukehusa. No er det lansert ein ny portal for å registrera tilgjengeleg tid for spesialistutdanning for allmennlegar - ALIS-portal.

Spesialisthelsetenesta skal leggje til rette for allmennlegane sitt behov for spesialisering i sjukehus (ALIS). Sjukehusa er heilt avhengige av vel fungerande og høgt kompetente fastlegar og allmennlegar får med seg viktig kompetanse og forståing frå erfaring i sjukehusa. Det er no eit generasjonsskifte blant fastlegane med mange nye fastlegar som etter forskrift må ha gjennomført allmennlegespesialisering.

Helseføretaka må òg synliggjere denne spesialiseringa i sjukehusa og korleis utdanninga kan gjennomførast på ein formålstenleg og god måte. I eit samarbeid mellom spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta – ALIS-kontora har ein kome fram til ein felles modell som skal styrkja allmennlegerolla gjennom gode og planlagde utdanningsløp for spesialisering i allmennmedisin.

Ei arbeidsgruppe med ressursar frå fagmiljøet har, i samarbeid med Helse vest IKT, utarbeidd ein portal for å synleggjera tilgjengeleg tid for den delen av utdanninga som skal skje i sjukehusa.


I denne portalen kan sjukehusavdelingane legga ut stillingar som er aktuelle for ALIS (fane «utdanninger») og leger i allmennlegespesialisering kan melda seg som interessert til sjukehusteneste (fane «interessenter»).

Sjukehusa følgjer opp med å leggje ut tilgjengeleg tid for ALIS-spesialisering. Det kan til dømes vera tid der eigne medarbeidarar har planlagde permisjonar, slik at ALIS-legane får tilsetjing i avtalt periode. Det vil sjølvsagt krevje god planlegging i sjukehusa og god medverknad frå ALIS-legane for å få dette til. Informasjon om portalen og informasjon om prioritering av allmennlegar i vikariat er ein viktig del av arbeidet som held fram i sjukehusa no.


Sist oppdatert 16.05.2023