Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Befolkningsundersøking: Fortsatt stor tiltru til sjukehusa i vest

Tiltrua til sjukehusa på Vestlandet held seg stabilt høgt, også under pandemien. Det viser ei fersk undersøking gjort av Respons Analyse.

Publisert 10.06.2021
Sist oppdatert 02.06.2023
I undersøkinga, som tek for seg tidsrommet frå mai 2020 og eitt år fram, svarer dei spurde at dei har stor tiltru til at dei vil få den behandlinga dei treng, både om ein blir sjuk av covid-19 (snitt på 4,7 kor 5 er best), og om ein har behov for anna sjukehusbehandling (4,4). Svara vert gjeve på tvers av kjønn og alder og er så å seie på snittet med tala frå i fjor, som viste 4,6.

– Dette er ei tydeleg verdsetjing av den enorme innsatsen som våre medarbeidarar har lagt ned gjennom eit år med pandemi. Dei har strukke seg langt for å kunne gi pasientane den beste behandlinga, og det kjem til syne i denne undersøkinga, seier administrerande direktør ved Stavanger universitetssjukehus, Helle Schøyen.

Les heile undersøkinga.

Spørsmåla er knytt til både åtferd og vurderingar. For vurderingsspørsmåla er det nytta ein 1-5 skala, der 1 er dårlegast og 5 er best. Resultat fra 3,75 - 4,5 blir vurdert som bra, og resultat over 4,5 blir vurdert som svært bra.

Pasientene nøgde med behandlinga på SUS

Stavanger universitetssjukehus (SUS) ligg på gjennomsnitt eller over gjennomsnitt i Helse Vest på de fleste spørsmåla.

Både pasientar og pårørande er godt nøgde med opplevinga dei har hatt med sjukehuset det siste året. Pasientane ved SUS er mest nøgde med måten dei vart tatt vare på (4,3) og pleia og behandlinga dei fekk. (4,2). Dei er ikkje like nøgde med opplevinga av ventetida på å få koma til behandling, som har ein skår på 3,4. At dette skårar dårlegare, kan mellom anna skuldast at fleire konsultasjonar vart utsette ei tid på grunn av pandemien.

På spørsmål til personer med erfaring som pårørande i perioden, skårer SUS likt eller over gjennomsnitt på dei ulike tema.

Pasientane har også svart på spørsmål om dei har nytta videokonsultasjon i behandlinga, korleis kontakten med sjukehuset har vore og om informasjonen frå sjukehuset har vore lett å forstå.

Truverdige og opne i media 

SUS skårer høgt, og kjem best ut av sjukehusa i Helse Vest, på vurderingane av dei to påstandane «Sjukehuset framstår truverdig i media» og «Sjukehuset viser openheit overfor media».

– Det er veldig kjekt å se at SUS skårer høgt på spørsmål om vi er truverdige og opne i media. Vi er heilt avhengige av at befolkningen har tillit til oss. Vi har jobba aktivt for å formidle presis og oppdatert informasjon på en forståelig måte til befolkningen, blant annet gjennom en rekke presseorienteringer i året som har gått, seier Schøyen.

Kort om undersøkinga


  • Undersøkinga er gjort på oppdrag frå Helse Vest og tek utgangspunkt i tida frå 1. mai 2020 til 24.mai 2021.
  • 2000 vestlendingar fordelt på Helse Fonna, Helse Stavanger, Helse Bergen og Helse Førde over 18 år har svart. 
  • Formålet med undersøkinga er å kartlegge befolkninga si tiltru til at dei vil få den sjukehusbehandling dei treng, samt kartlegge spørsmål om kommunikasjon frå spesialisthelsetenesta i løpet av dei siste 12 månadane.
  • Undersøkinga inkluderer også påstandar om sjukehuset i området der dei bor. Resultat frå undersøkinga er samanlikna med resultat frå en tilsvarande måling utført i mars 2020.