Disputas: Elektrokonvulsiv terapi ved depresjon
Jeanette Bjørke disputerer 10. desember 2024 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Electroconvulsive Therapy (ECT) in Depression".
Depresjon råkar mange og reduserer livskvalitet. Ved unipolar depresjon førekjem depresjonar, og ved bipolar depresjon har det også vore minst ein episode med hypomani eller mani. Når behandling med medisiner er utilstrekkeleg eller depresjonen er svært alvorleg, er elektrokonvulsiv terapi (ECT) aktuelt. Pasienten får då generell narkose og muskelavslappande legemiddel, og eit krampeanfall utløyses ved bruk av straum. På trass av solid klinisk erfaring med bruk av ECT kan det oppfattes som kontroversielt, og det er bekymringar kring biverknader. Målet med arbeidet var å få meir kunnskap om effekt, biverknader og korleis pasientane sjølv opplever ECT, ved å sjå på data frå eit ECT register og ei randomisert studie som samanlikna ECT med medisiner.
I Regionalt register for nevrostimulerende behandling i Helse Vest såg Bjørke på kliniske utfallsmål og effekten av å rutinemessig gi den korttidsverkande opioid-agonisten remifentanil som del av narkosen. ECT førte til ei halvering av depresjonssymptomer hos 76 % av pasientane, og kognitiv funksjon var ikkje forverra. Remifentanil førte til at pasientar brukte lenger tid på å oppnå betring og fekk meir biverknader. I den randomiserte studien fekk pasientar med behandlingsresistent bipolar depresjon ECT eller medisiner i 6 veker. Depresjonssymptomer, livskvalitet og kognitive biverknader blei målt. Pasientar og klinikarar vurderte den akutte effekten av ECT som betre samanlikna med medisiner, men etter 6 månader var det ikkje nokon skilnad. Etter 6 månader var kognitiv funksjon forbetra men autobiografisk minne redusert i begge gruppene.
Samanfatningsvis har Bjørke vist at ECT har god effekt ved moderat til alvorleg depresjon, og ved behov for akutt symptomreduksjon kan difor ECT vere eigna. Etter 6 månader er det ikkje skilnad mellom ECT og medisiner. På gruppenivå fører ikkje ECT til meir langtidsproblemer med hugset enn medisiner. Rutinemessig administrasjon av Remifentanil som del av narkosen ved ECT bør revurderes.
Personalia
Jeanette Bjørke (f. 1980) er utdanna lege frå The University of Newcastle, New South Wales, Australia i 2004. Ho har jobba som overlege i psykiatri ved Klinikk psykisk helsevern voksne, Stavanger universitetssjukehus, sidan 2014. I tida ho har jobba med doktorgraden, har ho vore tilknytta Bipolar Research and Innovation Network (BRAIN), MoodNet og Tidlig intervensjon ved psykose (TIPS).
Hovudvegleiar er Ute Kessler, og bivegleiarar er Helle Schøyen og Arne Vaaler.
Kontakt:
Jeanette Bjørke
E-post: jeanette.solheimslid.bjorke@sus.no
Tidspunkt og sted for prøveforelesning:
10. desember 2024 klokken 09.15
Oppgitt emne:
"The Role of Neuroplasticity in the Treatment of Mood Disorders: Beyond ECT and Pharmacotherapy"
Sted: Aula, 2. etasje sydbygg, SUS
Prøveforelesningen kan i tillegg strømmes her (Vimeo)
Tidspunkt og sted for disputas:
10. desember 2024 klokken 11.00
Tittel på avhandlingen:
"Electroconvulsive Therapy (ECT) in Depression"
Sted: Aula, 2. etasje sydbygg, SUS
Avhandlingen kan leses i BORA (uib.no)
Disputasen kan i tillegg strømmes her (Vimeo)
Bedømmelseskomité:
1.opponent: Førsteamanuensis Kaija Järventausta, Tampere University, Finland
2.opponent: Ph.d. Pouya Movahedrad, Lund University, Sverige
3.medl/komiteleder: Professor Martin Kurz, Universitetet i Bergen
Leder av disputasen:
Førsteamanuensis Ingvild Bruun Mikalsen, Det medisinske fakultet ved Universitetet i Bergen.