Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Felles satsing på klarspråk i Helse Vest

I 2025 skal medarbeidarar i Helse Vest få hjelp til å skrive klarare. Pasientane må forstå informasjonen frå sjukehuset, og dei som arbeidar i tenesta må forstå kvarandre. Difor er tiltaka blant anna ei ny språkprofil, digitale klarspråkskurs og ein eigen skriverettleiar for stillingsannonsar.

Publisert 05.02.2025
Sist oppdatert 06.02.2025
En person som holder et skilt
Sjukepleiar Jennifer Cena ved avdeling for klinisk nevrofysiologi ved Haukeland universitetssjukehus. Foto: Øystein Fykse

– Språkarbeidet som nå blir sett i gang, er viktig. Å snakke eller skrive slik at mottakaren lett forstår, handlar om likeverd, tillit og risikoførebygging. Det er heilt avgjerande at pasientane forstår oss, og at vi som arbeidar i tenesta, forstår kvarandre, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF. 

Før jul slo det regionale direktørmøtet i Helse Vest fast at alle sjukehusa og føretaka i Helse Vest skal jobbe systematisk og målretta med klarspråk i 2025. Det regionale direktørmøtet, der dei administrerande direktørane sit, tar opp saker månadleg som gjeld for alle føretaka i Helse Vest. 

– Klarspråk kan for eksempel gjere at vi bruker litt mindre tid på lange e-postar eller annan tekst, og meir tid til det vi faktisk må gjere. I tillegg viser beregninger at klarspråk lønner seg – vi unngår unødig tidsspille, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF. 

 

Kvinne holder en pamflett
Inger Cathrine Bryne med språkprofilen. Foto: Jorunn Busk, Helse Vest RHF

Dette er klarspråkshjelpemidla 

Dei administrerande direktørane i sjukehusa på Vestlandet vedtok ein språkplan for Helse Vest rett før jul, som gir retning og tiltak for språkarbeidet for dei neste ti åra. Nå lanserer Helse Vest tre ulike hjelpemiddel, som skal hjelpe medarbeidarane til å skrive klart og korrekt.  

1. Språkprofil for Helse Vest: ei praktisk rettleiing i korleis vi skal skrive. Denne kan brukast av alle medarbeidarar som eit oppslagsverk. 

Gå til språkprofilen på nynorsk. 

Gå til språkprofilen på bokmål. 

2. Skriverettleiar for dei som skriv stillingsannonsar: For å løyse rekrutteringsutfordringar framover, blir det enda viktigare med gode stillingsannonsar. Søkaren skal få eit tydeleg bilete av kva stillinga inneber, og korleis det er å jobbe hos oss. Det hjelp skriverettleiaren til med. 

3. Digitale klarspråkskurs for medarbeidarar.

Nyttig i kvardagen 

– Disse nye hjelpemidla skal først og fremst gjere det enklare å skrive tekstar som er tilpassa mottakaren. Arbeidet med klarspråk er ikkje noko vi skal gjere i tillegg til alt anna, det skal vere ein del av det vi allereie gjer. Vi som jobbar i det offentlege er lovpålagt å skrive klart, og språkprofilen hjelper oss med dette, seier kommunikasjonsdirektør ved SUS, Helga Strand Vestbø.  

Språkarbeidet blei også behandla av styret i Helse Vest RHF rett før jul. 

Kva er klarspråk? 

Klarspråk er korrekt, tydeleg og brukartilpassa kommunikasjon. Ein tekst er skriven i klarspråk når lesarane  

  • finn det dei treng (tydeleg struktur)  
  • forstår det dei finn (tilpassa språk)  
  • kan bruke det dei finn, til å gjere det dei skal (tydeleg funksjon) 

 

Kva er ein språkprofil?

Språkprofilen er ei rettleiing i korleis vi skal skrive i Helse Vest. Vi skal bruke klarspråk i alle tekstar, slik at lesarane våre forstår oss og føler at dei blir varetekne. Språkprofilen er eit hjelpemiddel for alle som skriv til pasientar og pårørande, til fagpersonar og internt i Helse Vest.  

Språkprofilen skal hjelpe oss til å ta omsyn til lesarane våre. Måten vi skriv på, skal bidra til at pasientar, pårørande og medarbeidarar opplever oss som profesjonelle, trygge og nære.