Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Friskmelding av produksjonsrom på Sjukehusapoteket i Stavanger

Produksjonsrommet for intravenøse ernæringsløysingar (TPN) opna for normal produksjon frå 22. november.

Ørjan Lundgren, Sjukehusapoteka Vest HF
Publisert 24.11.2016
Sist oppdatert 21.02.2017

Produksjon av legemiddel er underlagd strenge kvalitetskrav, mellom anna knytt til reinhald og testing av produksjonsmiljø for sopp- og bakterievekst. Sjukehusapoteka Vest har rutinar for jamleg miljøkontroll av alle produksjonsrom for å sikre kvalitet av legemiddel.

Eit produksjonsrom for TPN ved Sjukehusapoteket i Stavanger har vore stengd sidan 30. juni som følgje av funn av mikrobar i rommet ved ein rutinekontroll. Rommet opna att den 22. november etter at testar viste at rommet oppfyller miljøkrav.

Les også: Stengt produksjonsrom ved Sjukehusapoteket i Stavanger

– Vi er no glade for at rommet kan opnast for normal drift etter om lag fem månader med bruk av reserveløysingar, seier Ola Rye, konstituert administrerande direktør i Sjukehusapoteka Vest HF.

En mann med briller

Gode resultat over tid

Etter stenging av rom blei aktuelle produkt henta tilbake frå kundane og det blei sett i verk arbeid med å prøve å finne årsak til problem. Det blei òg sett i verk ulike førebyggjande tiltak for å redusere sannsyn for ny vekst av mikrobar. Rommet har tidlegare vore opna, for igjen å stengje etter nye funn av mikrobar. Etter siste stenging har apoteket gjennomført fleire tiltak. Samstundes har det blitt tatt jamlege kontrollprøvar parallelt med at det har vore aktivitet i rommet. Desse prøvane har vore fine.

– Vi har teke daglege miljøprøvar over ein lengre periode med drift i rommet. Alle testane viser resultat godt under grenseverdiane for denne typen produksjonsrom, fortel Rye.

Leveransar gjekk som normalt

Sjukehusapoteka i Bergen og Haugesund har vore viktige samarbeidspartnarar for å trygge leveransane til Helse Stavanger gjennom perioden. Sjølv om dette produksjonsrommet har vore stengt, har levering av varer gått som normalt. 

– Eg vil rose Sjukehusapoteket i Bergen og Sjukehusapoteket i Haugesund for den innsatsen dei har gjort for å trygge levering til pasientane i Helse Stavanger. Det er godt at vi kan samarbeide for å sikre at pasientane får dei produkta dei skal ha, seier Rye.   

Tett og godt samarbeid med sjukehuset

Sjukehusapoteka Vest har òg fått god hjelp frå Helse Stavanger.

– Samarbeidet med Helse Stavanger og hjelpa vi har fått i denne perioden har vore svært viktig. Det set vi stor pris på, seier Rye.

Reserve-lab blir testa framleis

Sjukehusapoteket i Stavanger har eit reservelokale som har vore nytta til produksjon av TPN i perioden med problem i hovudlaboratoriet. Ei prøve frå den 26.oktober i dette rommet viste teikn til vekst av sopp. 

– Vi vil i tida framover arbeide for at også reservelokale skal bli klart til bruk, fortel Rye.

Kontakt

Ola Rye
Konst. administrerende direktør, Sjukehusapoteka Vest HF
Telefon: 957 98 600

Pressevakt
Stavanger universitetssjukehus
Telefon: 477 00 999