Kongeleg heider til styreleiar Stener Kvinnsland

Tysdag 28. mars vart styreleiar i Helse Stavanger, tidlegare sjukehusdirektør og professor dr. med. Stener Kvinnsland, utnemnd til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.

 

33584883841_0198d15d82_h.jpg

I strålande vårsol overrekte fylkesmann Lars Sponheim ordensteiknet, i ein høgtideleg markering på Bikuben i Haukelandsparken. 

Sjeldan tildeling
– St. Olavs orden heng svært høgt, så det er sjeldan eg deler han ut. H. M. Kongen ser sjølvsagt etter innsats som kan målast, men leiter også etter dei menneskelege kvalitetane, så du kan vere sikker på at Kongen kjenner deg godt no, sa Sponheim til lett humring frå hovudpersonen sjølv og gjestane.

Kvinnsland får utmerkinga for sin framifrå pionerinnsats innan medisin og helseleiing. 

No er han styreleiar i Helse Stavanger. Han gjekk av som administrerande direktør i Helse Bergen HF 31. august 2015. Han hadde då vore administrerande direktør sidan 1. januar 2007, etter å ha vore viseadministrerande og fagdirektør frå 2003. Frå 2015- 2016 leia han Kvinnsland-utvalet, med fokus på organisering av eigarskapet til spesialisthelsetenesta.  

Audmjuk, takksam og glad
Hovudpersonen sjølv var audmjuk, takksam og glad. 

– Eg har vore heldig med dei som eg har hatt med meg, både heime og på jobb. Det er desse bidraga frå andre menneske som har spelt ei stor rolle i resultata eg har oppnådd. 

Kvinnsland fekk utruleg mange godord frå kollegaer ved sjukehuset og universitetet, og tidlegare samarbeidspartnarar. 

– Dette er ein stor dag for deg, dine nærmaste og for helse-Noreg. Du har hatt ei formidabel evne til å prioritere dei svakaste i samfunnet. Du har vore ein involverande, open, tydleg og synleg leiar som har gjort medarbeidarane gode til å samarbeide. Denne tildelinga er godt fortent, sa tidlegare styreleiar i Helse Bergen, Ranveig Frøiland.