Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Robbie automatiserer skjema for gravide

Gravide som skal levere inn opplysingar før fødselen kan no gjere dette elektronisk, takka vere hjelp frå Robbie Vest i prosjektet for digitale skjema og brev.

Øyvind Jacobsen Røen
Publisert 19.12.2019
Sist oppdatert 22.11.2021
Føden i Stavanger

Tar i bruk digitalt skjema for gravide


Kvinner som går gravide må levere opplysingar om sin helsesituasjon i veke 32, slik at sjukehuset kan begynne å planleggje fødselen. 

Desse opplysingane har så langt blitt levert via eit papirskjema som den gravide må fylle ut for hand og sende i posten til sjukehuset. I første fase fekk prosjektet digitalisert skjemaet, som kom inn i DIPS. 

Men opplysingane måtte framleis overførast manuelt til fagsystemet, Natus. Denne hausten har fødeavdelinga i Helse Stavanger starta ein pilot kor denne prosessen er automatisert, gjennom bruk av roboten, Robbie Vest. 

- No fyller den gravide ut skjemaet på Helsenorge.no og sender det inn. Då blir det mottatt i DIPS, før løysinga lager ein kopi til ein robot som tastar det inn i Natus. Det betyr at jordmødrene no kan gå rett inn i Natus og finne informasjonen som dei fødande har fylt inn, fortel regional prosjektleiar for digitale skjema og brev, Lene Rykkje. 

Til å begynne med er det berre dei fødande i Sandnes kommune som får teste denne løysinga.

- Piloten skal vi køyre ut februar, og i løpet av den perioden håpar vi å få inkludert fleire gravide i Helse Stavanger. I løpet av våren skal vi òg levere tilleggsfunksjonen med språkstøtte, slik at dei fødande kan velje mellom bokmål, nynorsk og engelsk. Løysinga skal også utvidast med vedlegg, slik at den tilsette kan leggje inn vedlegg som til dømes blodprøvesvar, fortel Lene. (bildet under til høgre)

Vinn-vinn-løysing
Lene seier løysinga er til det beste for både dei fødande og dei tilsette på fødeavdelinga.
 
- Dei tilsette slepp no å taste inn informasjonen frå skjemaet manuelt. Det er òg lettare å tyde, sidan det er maskinskrift og ikkje handskrift. 

- For den gravide er det òg enklare å fylle ut og levere, sidan ein kan gjere det elektronisk og ikkje treng å sende det fysisk i posten. I tillegg til at den gravide beheld ein kopi på helsenorge.no

Lene seier dei andre føretaka i Helse Vest vil få tilbod om løysinga, dersom piloten går som planlagt. 

- Det er tenkt som ei regional løysing. No når vi er i pilot med denne løysinga kan vi presentere den for dei andre føretaka og sjå om dei også vil ta i bruk dette, seier ho.  

Føden Stavanger kake.JPG

Markerer ny digital løysing

Roser fødeavdelinga i Stavanger

Dei siste dagane har dei elektroniske skjemaa begynt å kome inn. Lene seier det ikkje  hadde vore mogleg å pilotere løysinga i Stavanger dersom det ikkje var for den engasjerte gjengen som jobbar der. 

- Føden i Stavanger har vore veldig engasjert og flinke. Det er heilt avgjerande at dei ønskjer å pilotere for at vi skal kunne byggje den beste løysinga. Dei har gjort ein utruleg god jobb saman med lokal prosjektleiar og verksemdsarkitektane, og resten av prosjektet, med RPA-teamet i front, skryter Lene.