Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Sykkel-VM i Bergen 2017

I perioden 16.-24. september blir Sykkel-VM arrangert i Bergen. Dette kan skape konsekvensar for deg som skal til Haukeland, enten som pasient, pårørande eller på besøk.

Publisert 31.08.2017

​

sykkelvm.jpg

Under meisterskapen vil store delar av Bergen sentrum bli heilt eller delvis stengt for biltrafikk i tidsperioden frå klokka 08.30 og 19.00. Kollektivtilbodet vil og bli endra til og frå sjukehuset.

Alle som skal til Haukeland desse dagane blir råda til å reise kollektivt, sykle, eller gå dersom dei kan eller tilstanden deira tillet dette.

Det vil ikkje vere mogleleg å køyre i løypene eller krysse traseen med bil i dette tidsrommet. Gåande og syklande kan krysse løypene på eigne punkt. Vakter vil sluse folk over i puljer når det er trygt å passere.  

Det vil vere mogeleg å køyre til Haukeland opp Hunstadsvingen frå Ibsens gate, forbi Kvinneklinikken (Jonas Lies vei) og så inn til Sentralblokka.

Brann, politi og ambulanse – er sikra tilkomst til alle områder, også til sjukehuset.

Les mer på Helse Bergen sine nettsider: https://helse-bergen.no/sykkel-vm-i-bergen-2017