Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Velg behandlingssted selv: Få hjelp til å velje

Når du blir henvist til undersøking eller behandling på sjukehus, har du rett til å velje behandlingsstad. Ønskjer du individuelle råd før du bestemmer deg? Ring 800 HELSE (800 43 573) og få hjelp av ein pasientrådgivar!

Helse Vest
Publisert 22.05.2017

velje.png

For å ta gode val om eiga helse, er det nødvendig med relevant informasjon. Du kan velje mellom alle offentlege og fleire private behandlingsstader og ventetidene kan variere mykje. Vi har teieplikt og hjelper deg gjerne om du ønskjer individuelle råd knytt til kva som er viktig for deg, seier Liv Torunn Rundhovde, pasientrådgivar ved informasjonstenesta Vel behandlingsstad i Helse Vest.

Pasientrådgivarane er sjukepleiarar med erfaring frå spesialisthelsetenesta. Dei kan gi råd om val av behandlingsstad og om pasientrettar. Dei kan òg hjelpe til med å finne avtalespesialist eller tilbod innanfor ordninga Raskare tilbake.

Har du spørsmål til korleis du skal gå fram for å velje behandlingsstad, og kva dette kan ha å seie for deg? Ta kontakt med fastlegen din eller ring 800 HELSE (800 43 573) og be om å få snakke med ein pasientrådgivar.

Du finn meir informasjon på www.helsenorge.no/velg-behandlingssted.

Lei av å vente? Vel behandlingstad og få raskare hjelp!