Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Vi starter opp barnepalliativt team ved SUS

Teamet starter opp 25. august, og skal styrka arbeidet med palliativ behandling til alvorleg sjuke barn og familiane deira.

Publisert 25.08.2022

Barnepalliativt team (f.v.): Jorunn Søraas, Alf Bjørnstad, Sissel Harlo, Johan Aske Lund, Ann Marit Gilje, Øyvor Gripsgård Bergs

​Barnepalliativt team (f.v.): Jorunn Søraas, Alf Bjørnstad, Sissel Harlo, Johan Aske Lund, Ann Marit Gilje, Øyvor Gripsgård Bergslien.​

Kva er barnepalliasjon?

Barnepalliasjon er å leggja vekt på livskvalitet i dei vanskelegaste situasjonane ein familie kan oppleva – der barn får alvorlege og livstrugande diagnosar som dei må leva med i kort eller lang tid. Det er å sjå heilskapen, å støtta og å ivareta barnet og familien med dei fysiske, psykiske, sosiale og åndelege utfordringane dei møter. Barnepalliasjon handlar om å gjere noko bra med den tida ein lever, og tilbodet startar når barnet får diagnosen.

-Vi ser fram til å starte eit arbeid som vi håpar vil bli til glede og nytte for barn, familiar og helsepersonell både i og utanfor SUS, seier Johan Aske Lund, overlege på HABU (barne- og ungdomshabilitering) og leiar av det nye teamet.

Eit tverrfagleg team

Ved HABU og ved Barne- og ungdomsklinikken på SUS finst det frå tidlegare gode, tverrfaglege team som arbeider tett på born med alvorlege og livsavgrensande tilstandar, og familiane deira. Desse barna får allereie god palliativ behandling i dag.

Det nye barnepalliative teamet er eit samarbeid mellom HABU, Barne- og ungdomsklinikken, psykolog frå CL-teamet (konsultasjons-liaison-team ved psykisk helsevern for barn, unge og rusavhengige) og andre fagpersonar som fysioterapeutar og klinisk ernæringsfysiolog. Teamet skal mellom anna etablera overordna retningslinjer for tilbodet. Målet er å sikra kvalitet og likeverd i den palliative behandlinga for alle born i Sør-Rogaland med slike behov. I tillegg skal teamet etablera og utvikla gode samarbeidsrelasjonar både internt på SUS og med eksterne aktørar.

Kunnskapsformidling blir ein viktig del av arbeidet.

For meir informasjon kan du ta kontakt med HABU eller barne- og ungdomsklinikken:

HABU: 51 51 47 00
Barne- og ungdomsklinikken : 51 51 83 66​