Grønn stær (glaukom)

Behandlingsprogram, Øyeavdelingen

Grøn stær (glaukom) er ein kronisk, livslang augesjukdom som er mest vanleg hos vaksne over 60 år, men som kan opptre i alle aldre. Ein sjeldan gong kan det også vere medfødd. Sjukdommen angrip synsnerven og gir skade på synsfeltet med utfall i sidesynet.

Les meir om Grønn stær (glaukom)
Informasjon frå helsenorge.no

Grønn stær (glaukom)

Dersom du har grønn stær, på fagspråket kalt glaukom, er synsnerven skadet. Synsnerven kan ikke repareres, men det finnes god behandling som kan bremse skaden eller stoppe den helt.

​​​​​​​​​​​​​Innsiden av øyeeplet ditt er fylt med øyevæske. Dersom trykket i denne væsken bygger seg opp, presser det på synsnerven på baksiden av øyet. Over tid kan dette skade nerven og påvirke synet ditt. Det er også mulig å få glaukom selv når trykket i øynene er normalt. Dette kan skje om nervene er spesielt følsomme for press. Dersom en synsundersøkelse viser at du har økt trykk i øyet, kan spesielle øyedråper redusere dette trykket og forebygge grønn stær.

Symptomer ved grønn stær

​Grønn stær starter med små blindsoner i utkanten av synsfeltet ditt. Ubehandlet blir disse blindsonene sakte større inntil du bare kan se ting som er rett foran deg. Dette kalles i alvorlige tilfeller for tunnelsyn. Noen mennesker med alvorlig grønn stær får vansker med å se hvis de flytter seg fra et lyst rom til et mørkere. De kan også ha vansker med å bedømme høyden av trappetrinn og fortauskanter. Dette kan føre til at en snubler og faller. Grønn stær påvirker synet ditt svært gradvis. Det kan ta tid før man legger merke til symptomene. Du kan få grønn stær i ett eller begge øyne. Det gjør vanligvis ikke vondt.

Les meir om Grønn stær - glaukom (helsenorge.no)

Innleiing

Høgt augetrykk er ein risikofaktor for utvikling av grøn stær, og augetrykket er det vanlegaste utgangspunkt for behandling. Det er individuelt kor høgt augetrykk synsnerven toler før han tar skade. I nokre tilfelle kan grøn stær utviklast sjølv om augetrykket er innanfor normalområdet, såkalla normaltrykksglaukom. Viktigaste risikofaktorar for denne tilstanden, er høgt augetrykk og sviktande blodtilførsel til synsnerven.

Sjukdomsforløp

Ubehandla fører sjukdommen til gradvis aukende skade på synsnerven med aukande utfall i sidesynet og kan i siste instans føre til blindskap. Når skaden først er skjedd, kan han ikkje bli operert bort. Skarpsynet held seg lenge normalt og blir påverka først ved langtkomen sjukdom. I tidleg fase er det få / inga symptom og mange kan derfor ha hatt sjukdommen i lang tid (mange år) før diagnosen blir stilt. Målet med all behandling er å bremse ned og eventuelt stoppe utvikling av vidare skade.

Arveleg disposisjon

Det føreligg ein arvelig disposisjon for utvikling av sjukdommen, og det er derfor ein tendens til at sjukdommen går igjen hos nære slektningar. Ved kjent grøn stær hos nære slektningar, bør ein bli testa for sjukdom regelmessig frå 30-40 års alder.

 

Tilvising og vurdering

Fastlegane kan ikkje tilvise til operasjon for grøn stær. Fastlegane kan tilvise pasientar med mistanke om grøn stær til vidare utgreiing i spesialisthelsetenesta og skal då primært tilvise til avtalespesialistane (som har avtale med helseføretaka) eller til private augelegar om dette er ønsket til pasienten.

Dersom den grøne stæren ikkje lenger lar seg regulere tilfredsstillande, vil augelegen tilvise til sjukehusavdeling for utgreiing med tanke på operasjon. Universitetsklinikkane er tredjelinjeteneste og skal primært ikkje utgreie eller følge pasientar med velregulert grøn stær.

Sjekkliste for tilvisning - Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

Det er i utgangpunktet spesialisthelsetenesta sjølv  (avtalespesialistar eller heilprivate augelegar) som tilviser til operasjon for grøn stær.

Tilvisinga skal innehalde resultat av fleire spesialundersøkingar som i utgangspunktet berre augelegar utfører. Operasjonar for grøn stær føregår i dag nesten utelukkande ved sjukehusavdelingar.

1. Utgreiing

Som regel møter du til ei forundersøking ved augeavdelinga der du skal opererast. Då gjer ein fleire tilleggsundersøkingar av augane slik at ein har gjort opp status og avgjort om det er operasjonsindikasjon. Då vil du også få informasjon om kva slags operasjon ein planlegger å utføre.

Førebuingar før behandling

  • Det er viktig i forkant av operasjonen å informere om alle typar medisinar du bruker (ikkje berre augedråpane) og ta dei med ved innlegging på sjukehuset.
  • Bruker du blodfortynnande medisinar er det viktig å informere om dette i god tid før operasjonen. Det finst fleire typar blodfortynnande medisinar og det varierer kor lang tid i forkant av operasjonen du treng å slutte med dei.
    På generell basis er det ønskeleg at AlbylE blir avslutta 10 dagar før operasjon og Marevan 3 dagar før. Kontakt fastlegen din for å stadfeste om dette er forsvarleg for deg på bakgrunn av din helsetilstanden.
  • Har du kjent allergi for medikament er det viktig at du informerer om dette i forkant.
  • Om du får augekatarr (augeinfeksjon) dei siste par vekene eller dagane før den planlagte operasjonen, må du ta kontakt med avdelinga der du skal opererast. Truleg må auget ditt behandlast med antibiotika augedråper og operasjonen utsettast.

På sjukehuset

Pasientar med lang reiseveg til sjukehuset, blir som oftast innlagt dagen før operasjonen skal utførast. Dersom du har kort reiseveg eller dagkirurgisk operasjon, møter du på operasjonsdagen i god tid før inngrepet. Auget skal forberedast med rensedråper, og dei fleste får (tilbod om) ein beroligande tablett i forkant av operasjonen slik at dei slapper godt av.

2. Behandling

Augedråper

Glaukom blir vanlegvis behandla med augedråper, enten ein eller fleire dråper som må drypast regelmessig kvar dag. Nokon typar grøn stær kan behandlast med laser, men dette gjeld ikkje alle. Laserbehandlinga kan vere i staden for eller som supplement til dråpebehandling.

Operasjon

Dersom sjukdommen blir forverra trass i augedråper og eventuell gjennomført laserbehandling, vil det vere aktuelt med operasjon.

Det dreiar seg oftast om filtrerande kirurgi. Det betyr at det blir laga ein alternativ drenasjeveg for å leie væska ut av auget (trabekulektomi, stålventil eller tube) og derved senke augetrykket. 

Nokon gongar er det stor risiko for at operasjonen med den nye filtrasjonsvegen skal gro igjen på sikt. Derfor bruker mange eit medikament lokalt på auget for å hindre at det skal gro så godt (lokal cellegift eller anti-vekstfaktor). Om dette blir brukt på ditt auget under operasjonen, vil du bli informert om dette før inngrepet.

Operasjon for grøn stær blir gjort i lokalbedøving med ein kombinasjon av bedøvande dråper og ein mindre sprøytebedøving. Dette vil seie at du er vaken og kan snakke med operasjonspersonalet undervegs. Operasjonen tar ca. 1 time.

Formålet med operasjon er at augetrykket skal senkast for å forhindre ytterlegare skade. Operasjonen gjer deg ikkje frisk, og du vil trenge regelmessig oppfølging resten av livet.

3. Oppfølging

Etter operasjonen

  • Du får som regel bandasje og skjold på auget det første døgnet.
  • Det pleier å vere lite smerter i auget etter inngrepet.
  • Etter det første døgnet får du augedråper for å dempe betennelsesreaksjon i auget. Desse skal du dryppe med i fleire veker etter operasjonen. Kor lenge du skal dryppe, vil du bli informert om etter kvart. 
  • Du skal slutte med dei trykksenkande dråpene etter operasjonen. 
  • Det er vanleg med relativt hyppige kontrollar etter ein operasjon for grøn stær. Det inneber som regel kontroll dagen etter operasjonen, deretter dagleg eller med nokon dagars intervall den første veka avhengig av type operasjon og resultatet.
  • Augetrykket kan variere noke etter operasjonen. Dersom augetrykket er svært lågt, vil det ha innverknad på synet. Det vanlegaste er at augetrykket stig gradvis etter operasjonen då den nye filtrasjonsvegen delvis vil gro igjen. Dette forårsakar ofte tilleggsjusteringar i etterkant av operasjonen (laserjustering, injeksjonar med medisinar eller mindre tilleggsoperasjonar) for å oppnå tilfredsstillande augetrykk på sikt. Om det seinare vil bli nødvendig å gjenoppta dryppinga med trykksenkande dråper, er avhengig av augetrykket.

Restitusjon

Den første tida etter operasjonen kan synet vere midlertidig nedsett. Som regel vil synet etter kvart stabilisere seg på samme nivå som før. Vent med å justere evt. brille til du har avtalt med augelegen din.

Behovet for sjukmelding vil variere avhengig av type arbeid du har. Dei fleste er sjukmeld i eit par veker etter operasjonen. Vi rådar deg til å ikkje køyre bil før augelegen har gitt klarsignal.

fastlege eller anna helsetjenste overtek som primærkontakt

Faresignal

Alle kirurgiske inngrep er forbundet med risiko, dette gjeld også operasjon for grøn stær. Alvorlege komplikasjonar er heldigvis sjeldne. Dei vanlegaste komplikasjonane er:

  • Utvikling av grå stær (katarakt). Det er kjent at operasjon for grøn stær kan framskynde utviklinga av grå stær. Dersom det blir utvikla grå stær med innverknad på synet, får du effektiv behandling i form av grå stær-operasjon.
  • Bløding. Mindre blødingar i framre del av auget er ikkje uvanleg. Bløding vil ha forbigåande innverknad på synet, men er elles stort sett utan betyding for det endelege resultatet.
  • Betennelse. Det vil alltid vere lett grad av betennelse (inflammasjon) i eit nyoperert auge. Auget kan derfor vere litt ømt dei første dagane. Alvorleg bakterieinfeksjon er svært sjeldan, men kan vere trugande for synet.
  • Svekking av sentralsynet som komplikasjon til operasjonen er sjeldan, men kan skje ved langtkommen grøn stær eller ved uønska langvarig lågt trykk. Om svekka syn skuldast svært lågt trykk, vil vi kunne gjennomføre alternative behandlingsmetodar for dette.

Kontakt

Kontaktinformasjon
Hverdager kl. 07:30-10:00 eller kl. 14:00-1500 tlf. 479 01 359
 
Etter kl. 15:30 og i helger ringer du øyeavdelingen 2AB tlf. 51 51 87 87
Øyeavdelingen
Telefon
Poliklinikk: 47 90 57 59 | Operasjon: 47 90 13 59

Praktisk informasjon

Internett/wifi

​Det trådløse nettverket er gratis for pasienter, pårørende og besøkende. ​​Se etter gjest.ihelse.net på din mobil eller datamaskin.

Passord på SMS

Du som ønsker å bruke internett blir bedt om å legge inn mobilnummeret ditt. Du trenger ikke oppgi andre opplysninger enn det. Brukernavn og passord får du tilsendt som en tekstmelding.

Tilgangen du får til internett varer i 24 dager før du trenger å be om nytt brukernavn og passord.

Årsaken til innlogging er krav til sikkerhet i sykehusnettverket og er samme type løsning som finnes på flyplasser og​ hotell.

Parkering Torgveien

​Det er parkering i underetasjen i dagkirurgibygget som ligger rett ved siden av øyeavdelingen, og på baksiden av øyeavdelingsbygget (betalingsautomat). Pårørende og ledsagere kan også bruke parkeringsmulighetene som er i området rundt øyeavdelingen. Alle parkeringsplasser krever betaling.

Dagkirurgisk avdeling Hillevåg er i Torgveien 21 A, like ved Kilden handlesenter.

Kart over området (utskriftsvennlig versjon)

Parkering øyeavdelingen

​Vi anbefaler at pårørende og ledsagere bruker parkeringsmulighetene som er i området rundt øyeavdelingen.

Det finnes parkeringsplasser på baksiden av øyeavdelingen, og i kjelleren ved senter for dagkirurgi.

Alle parkeringsplasser krever betaling.



 

Røykfritt sykehus

​Alle sykehusområdene i Helse Stavanger er røykfrie. Det er likevel laget noen røykeområder som pasienter kan bruke. Disse områdene er merket.
Røyking utenfor sykehusets innganger er ikke tillatt, med unntak av ett område utenfor hovedinngangen. Her er det satt opp et eget røykeskur.
Vi ber om at røykeforbudet blir respektert av hensyn til pasienter. Det er en utfordring at mange stiller seg utenfor inngangene og røyker. Dette gjør det vanskelig for alle de som ikke tåler tobakksrøyk. Vis hensyn!​​​
Røykfritt sykehus handler om å gi de ansatte et trygt arbeidsmiljø, beskytte pasienter, besøkende og ansatte fra tobakksrøyk, og gi hjelp til ansatte og pasienter så de kan slutte å røyke.​