Ankelprotese

Ortopedisk avdeling

Pasientar som har eit øydelagt ankelledd som følge av leddgikt eller tidlegare skadar vil bli vurdert med tanke på operativ behandling.

Innleiing

Dersom ein mener ein operasjon er nødvendig vil nokon pasientar bli tilbydd protese, medan andre vil få avstiving av ankelleddet. Dei to inngrepa har sine fordelar og ulempar som vil bli diskutert nøye med deg.

Operasjon med ankelprotese er ein relativt sjeldan operasjon (drygt 100 per år i Noreg), og resultata er ikkje fullt så gode som med protesar i hofte og kne.

Sjølve prosedyren inneber at ein fjernar noke bein på begge sider av ankelleddet og erstattar leddet med ein bevegeleg leddprotese av metall og plast som skal gro fast i beinet.

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Det er viktig at du held deg i aktivitet heilt fram mot operasjonen. Om du ikkje har fått beskjed om noko anna, så bør det vonde leddet bli  bevega og belasta så godt det lar seg gjere. Dette gjer opptreninga etter operasjonen enklare.

Førebygging av infeksjon

Infeksjon er ein frykta komplikasjon til protesekirurgi. Desse tiltaka kan minske risikoen:

  • Eit variert og næringsrikt kosthald i forkant av operasjonen
  • Dersom du røyker bør du slutte, eller i alle fall redusere forbruket frå 4 veker før operasjonen til såret er heilt grodd 3-4 veker etter operasjonen. Det same gjeld dersom ein har eit overforbruk av alkohol.
  • Dersom du har sukkersjuke (diabetes) må du vere ekstra nøye med å kontrollere og regulere blodsukkeret i forkant av operasjonen, gjerne i samråd med fastlegen.
  • Pågåande infeksjonar (f.eks. naglerotsbetennelse, urinveisinfeksjon, hudinfeksjon, tannrotsbetennelse eller lignande) eller opne sår - aukar sjansen for å få infeksjon i proteseleddet. Slike infeksjonar må derfor vere ferdigbehandla i god tid før operasjonen.

Medikament

Nokre medikament skal stoppast eit antall dagar eller veker før operasjonen. Dette vil du få beskjed om ved førebuande undersøkingar før operasjonen.

Faste

Det er viktig at du følger instruksjonene om hvordan du må forberede deg når du skal opereres i narkose eller spinal-/epiduralbedøvelse. Dersom regler om faste og røyking ikke er fulgt, kan du risikere at behandlingen ikke kan gjennomføres.

Du skal ikke spise eller drikke melk i 6 timer før operasjonen. Du kan drikke litt vann, saft, juice uten fruktkjøtt, brus, te, svart kaffe inntil 2 timer før planlagt inngrep. Unngå røyk, snus, tyggegummi, sukkertøy i 2 timer før operasjonen. Ved spesielle inngrep kan det være andre rutiner som gjelder. Dette vil du bli orientert om på sykehuset før operasjonen.

​Smykker​

Ringer, klokker, piercing, kontaktlinser, sminke og neglelakk må fjernes før operasjonen. Briller, høreapparat og tannproteser kan du ha på deg/med deg. Mobiltelefon skal ikke følge med til operasjonsavdelingen.

​Medisiner​

Ta med deg alle medisiner som du benytter til vanlig til sykehuset (alternativt en liste over alle medisiner). Det er viktig at sykehuset vet hvilke medisiner du bruker, spesielt gjelder dette blodfortynnende medisiner (Albyl, Plavix, Efient, Brilique, Marevan, Xarelto, Eliquis, Pradaxa, Persantin). Husk også å si ifra om du bruker naturmedisiner, for eksempel ginkgo, ginseng og hvitløk. Dersom du bruker inhalasjonsmedisiner for lungesykdom må disse tas med.

 

2. Under

Nokre veker før operasjonen vil du møte ein anestesilege og kirurgen som skal operere deg. Du vil få informasjon om kva som skal gjerast, kva for eit resultat du kan forvente av operasjonen, og om potensielle komplikasjonar knytta til operasjonen og bedøvinga.

Om du er usikker på om du ønsker operasjonen, må du formidle dette tydeleg til kirurgen.

På operasjonsdagen vil du bli følgt til operasjonsavdelinga. Her vil du bli tatt i mot ein anestesisjukepleiar som fører deg vidare. Den vanlegaste bedøvinga ved operasjoner i beina er ryggbedøving (spinal).

Operasjonen varer i 1-3 timar avhengig av metode. Like før, under og etter operasjonen får du antibiotika for å førebygge infeksjon. Når operasjonen er ferdig vil det bli lagt på ein gipsbandasje frå tåballar til øvst på leggen.

3. Etter

Trening og bevegelse

Etter operasjonen er ankelen gipsa inn slik at bevegelsestrening av leddet ikkje er aktuelt. Treninga på sjukehuset består i å øve på å gå med krykker eller anna ganghjelpemiddel. Vanleg etterbehandling vil innebere at du blir utskriven med gips og beskjed om berre så vidt å røre bakken med den opererte foten.

Kontrollar

Etter ca. 3 veker vil du bli kalt inn til sjukehuset for å ta av gipsen, sjekk av operasjonssåret, fjerning av sting og ein ny gips blir lagt på. Oftast vil du då kunne belaste foten litt meir fram til neste kontroll som er totalt 6 veker etter operasjonen.

Då tar vi også røntgenbilde, og om det ser fint ut vil du då få lov til å ha full belastning av foten utan gips. Ein startar då med bevegelsestrening, gjerne med hjelp av ein fysioterapeut som vi tilviser deg til.

Liggetiden etter ein operasjon vil vere individuell og variere frå 2 til 5 dagar. Dei fleste skal bruke sprøytar med blodfortynnande medikament i 1-2 veker samt smertestillande medikament i avtrappande dosar etter utreise.

Ver merksam

Ved alle kirurgiske inngrep er det risiko for komplikasjonar:

  • Infeksjon. Vi gjer vårt beste for å førebygge infeksjon, men det skjer likevel hos ein liten andel av pasientane. Teikn på infeksjon er:
    • Raudfarge, hevelse og varme i huda. Dette vil du ikkje kunne sjå på grunn av gipsbandasjen.
    • Væske frå såret kan evt. sjåast dersom gipsen blir blaut
    • Aukande smerter
    • Feber
    • Generell sykdomsfølelse
    • Ved mistanke om infeksjon skal du raskt kontakte sjukehuset.
  • Blodpropp kan skje. Du kan redusere risikoen ved å vere mykje i aktivitet samt å bruke dei føreskrivne blodfortynnande medikamenta.
  • Nerveskade kan skje under inngrepet. 


Ikkje alle blir nøgd sluttresultatet. Nokon vil ha meir smerter etter operasjonen enn dei førestilte seg, og nokon er misnøgd med evna til bevegelse. 20-30 % av dei som blir opererte med ankelprotese blir operert igjen med skifte eller fjerning av protesen innan 10 år etter operasjonen.

Kontakt

Buss

​Det er flere busstopp langs med sykehusets område, både i Gerd-Ragna Bloch Thorsens gate, Fylkeslege Ebbells gate og Ullandhaugveien.
Ved hovedinngangen, inngang 2, inngang 6 og i hovedinngangen ved Psykiatrisk divisjon står det sanntidsskjermer der du kan se når bussene kommer og går.

Taxi

Ikke langt fra hovedinngangen finner du en taxiholdeplass, der det som regel står ledige biler. Dersom det trengs, er våre ansatte i resepsjonen tilgjengelige 24 timer i døgnet og kan bestille taxi til deg.

Tog

​Våland
Nærmeste togstasjon er Paradis stasjon. Denne ligger om lag én kilometer fra hovedbygget.

Seksjon rehabilitering Eigersund og Dalane DPS
Seksjon rehabilitering Eigersund og Dalane DPS ligger om lag en times kjøring fra Stavanger. Nærmeste togstasjon er Egersund stasjon. Fra sentrum kan du ta buss eller drosje.

Se Kolumbus eller nettbuss for ruter og rutetider.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.