Førebuing heime
Det kan være lurt å snakke med barnet om det som skal skje. MR-maskina er stor og lagar høge lydar. Dette kan verka skremmande, men det gjer ikkje vondt.
Mor / far kan bli med inn i rommet, stå nært barnet, og holde på det, men kan ikkje bli med inn i sjølve maskina / tunellen. Om barnet uroar seg for å ligge i MR maskina, er det mogleg å komme på besøk til oss på forhand. Dette kan verka tryggande på enkelte barn, slik at ein kanskje kan klare å gjennomføre undersøkinga utan narkose. Dersom de ønsker å komme på besøk må ein avtale med MR avdelinga forhand, sjå kontaktinformasjon lenger nede på sida.
Her kan du sjå ein film om Silje, som skal undersøkast med MR. Filmen er laga ved Akershus universitetssykehus. Det ser ikkje heilt likt ut hos oss, men maskina er den same, og forholda er svært like.
På sjukehuset ser ein også andre sjuke menneske, og dette kan gjera stort inntrykk på barn. Snakk gjerne om det på forhand.
På grunn av det sterke magnetfeltet må tilvisinga innehalde informasjon om barnet har:
- Pacemaker
- Er operert i hjerne, auge, øyre eller hjarte
- Operert inn metall i kroppen (f. eks. klips på blodkar i hjernen, choclea implantat)
Ut frå desse opplysingane vurderer legane ved avdelinga om undersøkinga kan gjennomførast.
Narkose
Barn som ikkje kan ligge stille i MR-maskina må ha narkose. Det er tilvisande lege som avgjer om det er behov for narkose, i samråd med foreldre.
Ved narkose må barnet faste på forhand. Ein møter på barneadvelinga, og får innlagt ein veneflon. Det blir lagt på bedøvingskrem på forhand for at det skal gjere mindre vondt. Barnet vert køyrt til undersøkinga i seng, og har på sjukehusklede. Mor og far følger med.
Les mer om narkose og faste hos barn.