Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

20 år med livreddande hjartehjelp

Hjerteintervensjon 2N ved Stavanger universitetssjukehus har 20-årsjubileum for invasiv beredskap. I løpet av desse åra er det utført om lag 18.000 hjarteblokkingar.

Publisert 13.02.2024
Sist oppdatert 19.02.2024
Ansatte og studenter ved avdeling for Hjerteintervensjon 2N
Bildet er tatt i samband med markering av at medisinstudentar frå Universitetet i Bergen har vore på SUS i 20 år (arkivfoto).

Hjartesjukdom er framleis blant dei vanlegaste dødsårsakene i Norge. Men heldigvis er det hjelp å få, som igjen kan berga liv.

15. februar markerer Stavanger universitetssjukehus 20-årsjubileum for invasiv beredskap (akutt PCI).

Ved Hjerteintervensjon 2N får pasientar med akutt hjarteinfarkt eller hjartestans hjelp med akutt intervensjon (opning av tett blodåre).

– Det er viktig for oss å markera at me har hatt ein slik døgnberedskap i 20 år. Det er mange som ikkje veit om dette tilbodet, sjølv folk som jobbar på sjukehuset, seier seksjonsoverlege Alf Inge Larsen ved hjerteintervensjon 2N.

Pionerprosjekt

Avdelinga i Stavanger var det første senteret i Noreg utan hjartekirurgi, som begynte med denne behandlingsmetoden i 2004.

I dag er akutt intervensjon utan hjartekirurgi vanleg. Her ved SUS gjer me stort sett den same behandlinga som på Haukeland universitetssjukehus, slik at tilbodet blir likt i begge fylke.

– 30 år tilbake i tid, då sjukehusa ikkje dreiv med utblokking, døydde om lag halvparten av pasientane med kraftige hjarteinfarkt, seier Larsen.

Med dei moderne og effektive behandlingsmetodane, er dødelegheita redusert til berre fem prosent.

Mange takknemlege pasientar

I løpet av dei 20 åra med invasiv beredskap ved SUS, er det utført om lag 18.000 utblokkingar – 60 prosent av desse på grunn av akutt hjarteinfarkt.

På jubileumsdagen 15. februar vil det bli ein historisk gjennomgang, og pensjonistar og tidlegare tilsette på avdelinga er inviterte.

– Det er stor stabilitet og trivsel på avdelinga. Folk føler dei gjer ein viktig jobb. Det er også kjekt med så mange takknemlege pasientar, seier Larsen.

Les meir om avdelinga hjerteintervensjon 2N