Formidlingsprisen 2022 til Jeswanthiny P. Mayooran
Jeswanthiny P. Mayooran, overlege ved akutt mottakspost i psykisk helsevern, er vinnar av Stavanger universitetssjukehus sin formidlingspris 2022.
Publisert 14.03.2023
Jeswanthiny Mayooran er overlege og spesialist i psykiatri ved Stavanger universitetssjukehus (SUS). Ho får prisen for framifrå formidling om identitet, kulturell bakgrunn og psykisk helse gjennom debattinnlegg og kronikkar over fleire år.
– Dette var utruleg kjekt. Å skrive er viktig for meg og det er ekstra hyggeleg når det vert lagt merke til, seier Mayooran.
– Dette var utruleg kjekt. Å skrive er viktig for meg og det er ekstra hyggeleg når det vert lagt merke til, seier Mayooran.
Prisen vart delt ut tysdag 14. mars, av administrerande direktør ved SUS, Helle Schøyen. Schøyen meiner Mayooran kjem med viktige bidrag innan område som framleis er prega av skam og tabu.
– Mayooran tek opp viktige tema med truverd og fagleg tyngde. Hennar tekster om kulturell bakgrunn og psykiatri har betydning både for enkeltmenneske og for måten vi ser på psykisk helsevern, seier Helle Schøyen, administrerande direktør ved SUS.
Med formidlingsprisen ynskjer SUS å synleggjere og heidre gode formidlarar.
– Når eg skriv, tek eg utgangspunkt i mine eigne erfaringar. I kulturen eg har bakgrunn i, er det vanskeleg å snakke om psykisk helse, seier Mayooran.
– Mayooran tek opp viktige tema med truverd og fagleg tyngde. Hennar tekster om kulturell bakgrunn og psykiatri har betydning både for enkeltmenneske og for måten vi ser på psykisk helsevern, seier Helle Schøyen, administrerande direktør ved SUS.
Med formidlingsprisen ynskjer SUS å synleggjere og heidre gode formidlarar.
Eigne erfaringar
Mayooran er fødd og oppvaksen i Ulsteinvik, medisinutdanninga tok ho i Riga, Latvia. Mayooran sine foreldre har bakgrunn frå Sri Lanka, noko som har gitt Mayooran ein oppvekst i to kulturar.– Når eg skriv, tek eg utgangspunkt i mine eigne erfaringar. I kulturen eg har bakgrunn i, er det vanskeleg å snakke om psykisk helse, seier Mayooran.
«At eg blei lege, var utan tvil eit stort moment for mine foreldre. Utenkeleg å kunne utføre dette i heimlandet deira. Men stoltheita varte kanskje i nokon veker, inntil eg bestemte meg for å bli psykiater. «Er det ordentleg lege, da?» kan eg hugse pappa spør.»
At det er vanskeleg å snakke om psykisk helse trur ho likevel mange opplever, uavhengig av kulturell bakgrunn. Motivasjonen for å skrive er eit ynskje om å redusere stigma for psykisk helse.
Mayooran får ofte tilbakemeldingar frå norskfødde med innvandrarforeldre, om at dei kjenner seg att i utfordringane ho viser fram. Som for eksempel val av yrkesveg.
Ynskjer seg fleire kollegaer
Mayooran, som eigentleg ville bli forfattar, tok opp att skrivinga da ho starta arbeidet i psykisk helsevern.
– Snakkar ein ikkje om det, vert det usynleg. Ein må synleggjere det for å skape endring, seier ho.
Gjennom å dele erfaringar frå arbeidet som overlege i psykiatrien, håper Mayooran at ho kan bidra til at fleire kan vurdere det som ein karriereveg.
– Det er så givande å jobbe i psykiatrien, det vil eg gjerne fortelje om. Det finst få svar med to strekar under, menneske er så samansett. Ein høyrer kanskje ikkje så mange solskinshistorier, men å jobbe her og sjå at menneske får hjelp og blir betre er veldig kjekt, seier Mayooran.
Tidlegare vinnarar
2021: Overlege ved kvinneklinikken Tilde Broch Østborg
2020: Smittevernoverlegene Jon Sundal og Lars Kåre Kleppe
Mayooran får ofte tilbakemeldingar frå norskfødde med innvandrarforeldre, om at dei kjenner seg att i utfordringane ho viser fram. Som for eksempel val av yrkesveg.
Ynskjer seg fleire kollegaer
Mayooran, som eigentleg ville bli forfattar, tok opp att skrivinga da ho starta arbeidet i psykisk helsevern.– Snakkar ein ikkje om det, vert det usynleg. Ein må synleggjere det for å skape endring, seier ho.
Gjennom å dele erfaringar frå arbeidet som overlege i psykiatrien, håper Mayooran at ho kan bidra til at fleire kan vurdere det som ein karriereveg.
– Det er så givande å jobbe i psykiatrien, det vil eg gjerne fortelje om. Det finst få svar med to strekar under, menneske er så samansett. Ein høyrer kanskje ikkje så mange solskinshistorier, men å jobbe her og sjå at menneske får hjelp og blir betre er veldig kjekt, seier Mayooran.
Tidlegare vinnarar
2021: Overlege ved kvinneklinikken Tilde Broch Østborg2020: Smittevernoverlegene Jon Sundal og Lars Kåre Kleppe