Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Ny folkeopplysningskampanje:

Vil at fleire snakkar om sjølvmordstankar

«Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv». Slik var bodskapet i folkeopplysingskampanjen frå Helse Vest i fjor. No kjem ein ny runde av kampanjen.

Camilla Loddervik, Helse Vest
Publisert 30.11.2020
Sist oppdatert 01.11.2022

Helse Vest sin ressursside om selvmordsforebygging finner du her.​​

– Kampanjen har eit ganske enkelt, og likevel vanskeleg mål: At fleire skal våge å fortelle at dei har sjølvmordstankar og at menneska rundt dei skal våge å spørje, seier seniorrådgivar i Helse Vest RHF, Carina Paulsen Mæland. Ho leiar den regionale arbeidsgruppa som har utarbeidd kampanjen.

Intranett_800x240_1.jpg


Informasjonskampanjen fekk mykje merksemd i fjor, der Kristoffer Joner bidrog til å formidle hovudbodskapet. Filmen med Joner i hovudrolla blei sett over 1 million gonger i sosiale medier og ei spørjeundersøking etter kampanjen viste tydelege tendensar til at kampanjen hadde gitt folk meir kunnskap om temaet.

– Spørjeundersøkingar i Noreg tyder på at tabuet rundt sjølvmord og sjølvmordstankar er i ferd med å brytast ned. Det er ei god utvikling som vi gjennom ein ny runde med kampanjen ønsker å bidra ytterlegare til, seier Mæland.

Kampanjen startar i desember og vil i perioden desember til januar vere synleg i fleire ulike kanalar som boards i bybilde, sosiale medier, annonsar og omtale på nettstader, aviser og i tv.

Vil bryte ned tabu og fjerne mytar

Kampanjen setter fokus på at det ikkje er farleg å snakke om sjølvmordstankar, at det er mange som vil og kan hjelpe og ikkje minst at det er god hjelp få. I år har Helse Vest fått med seg fleire gode ambassadørar. Erik Thorstvedt, Myra, Marco Elsafadi, Kristoffer Joner, Aleksandra Gjerpen og Maud Angelica Behn er blant aktørane som frontar det viktige bodskapet i årets kampanje.

– Dei synleggjer på ein utruleg fin måte at det er heilt vanleg å ha periodar med tankar om at livet ikkje er verd å leve, og det fins hjelp å få. Dei aller fleste vil ikkje trenge behandling i verken kommune- eller spesialisthelsetenesta, men kan få god hjelp av sine næraste. Men då må vi våge å snakke om det som er vondt, seier psykologspesialist og leiar for Haugaland og Karmøy DPS, Camilla Heggland. Ho leier den lokale arbeidsgruppa som har ansvar for å følgje opp Helse Vest sin kampanje i Helse Fonna.

Ho understrekar at det er forskjell på å ha tankar om sjølvmord og det å vere i akutt fare for å ta sitt eige liv.

– Akkurat dette er nok litt av utfordringa for kampanjen. Vi ønsker å fortelle at det fins profesjonell hjelp i kommunen og i spesialisthelsetenesta, men samtidig vise at ikkje alle med sjølvmordstankar treng behandling hos oss. Det aller viktigaste er å gjere folk flest trygge på at dei kan ta denne samtalen med nokon dei er bekymra for, og at folk skal ha kunnskap om kor dei kan få hjelp dersom det er nødvendig, seier Heggland.

Ho meiner vi ikkje må undervurdere kva vi sjølv kan gjere for andre. Og at det ikkje alltid treng å vere så mykje som skal til.

– Det å bli sett, høyrt og forstått kan vere til stor hjelp for veldig mange. Det å få sette ord på smerten, sorga eller bekymringane ein går med, vil kunne gjere at ein kjenner håp og ser løysingar, seier ho.

Det er mange som vil og kan hjelpe

I forkant av opplysningskampanjen har Helse Vest bidrege med kompetansespreiing og informasjon til mellom anna kommunane og fylkeskommunane på Vestlandet, for å gjere dei som jobbar der betre rusta til å fange opp dei som slit, og til å ta dei vanskelige samtalene.

Helsepersonell og fagfolk i kommunar og skular spelar ei viktig rolle i arbeidet med å førebyggje sjølvmord. Som del av folkeopplysingskampanjen har Helse Vest har derfor laga ei oversikt på nett over ressursinformasjon og e-læringskurs i sjølvmordsrissikovurdering, som kan støtte helsepersonell og fagfolk i det førebyggjande arbeidet.

Felles samfunnsansvar

God behandling av psykiske lidingar, spesielt depresjon, kan førebyggje sjølvmord. I Regjeringa si nye handlingsplan for førebygging av sjølvmord skal ein nullvisjon bidra til at sjølvmordsførebygging blir prioritet høgare. Planen inneheld tiltak for å gje rask hjelp og sikre gode behandlingsforløp - frå første kontakt i kommunen til behandling i spesialisthelsetenesta.

I arbeidet med folkeopplysningskampanjen har helseføretaka på Vestlandet på ulikt vis invitert til dialog og samarbeid med fleire ulike samarbeidspartar i regionen. Kommuneoverlege Katrine Haga Nesse i Karmøy har bidrege inn i Helse Fonna si planlegging av kampanjeperioden for å få med kommuneperspektivet.

– Eg tenker at vi har eit felles samfunnsoppdrag, alle vi som jobbar med og omgås folk, anten det er i skule- eller helsesektoren, på arbeidsplassen, i frivillige organisasjonar og generelt der folk møtes. Alle har eit ansvar for å bry seg og om å sjå kvarandre. Eg håpar denne kampanjen kan bidra til det, seier Haga Nesse.

Kampanjen kjem på eit viktig tidspunkt

Informasjonskampanjen er blitt ytterligare aktualisert no i forbindelse med koronapandemien med rapportering om auka symptom på angst og depresjon, einsamheit, isolasjon og passivitet i befolkninga. Det er tungt å leve under ein pandemi.

– Kampanjen kjem på eit veldig passande tidspunkt. Fordi at mange har det ekstra tøft nå, er det viktig å synleggjere kva hjelpetilbod som finns i kommunar, hjelpetelefonar, frivillige organisasjonar og i spesialisthelsetenesta. Det finnes også fleire digitale sjølvhjelpsverktøy som kan vere gode og no lanserer Helse Vest i tillegg psykologbehandling via internett (eMeistring) i heile regionen, der ventetidene er korte. Dette må vi vise fram, seier assisterande fagdirektør i Helse Vest RHF, Ola Jøsendal.

På nettstaden helse-vest.no/selvmord har vi samla lenkjer til mange gode nettsider, tips og råd om kor det er hjelp å få, mellom anna telefonnummer til hjelpetelefonar. Det kan være at det vil bli auka pågang på telefonen, og håpet er jo at fleire skal tørre å be om hjelp.

– Det er eit langsiktig arbeid, men vi er i gang. Vi håpar mange vil hjelpe med å dele bodskapet når kampanjen startar, og at mange vågar å ta den praten når dei er bekymra for nokon rundt seg, seier seniorrådgivar i Helse Vest RHF, Carina Paulsen Mæland.

Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv.

Kampanjen er planlagd i tett samarbeid med helseføretaka i regionen, regionalt brukarutval, Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging region Vest (RVTS Vest) og Nasjonalt kompetansesenter for forebygging og selvmordsforskning (NSSF).